Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til arbeids- og inkluderingsministeren

Dokument nr. 15:1571 (2023-2024)
Innlevert: 17.03.2024
Sendt: 18.03.2024
Besvart: 22.03.2024 av arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): Kan statsråden legge fram oppdaterte tal på arbeidsledige fordelt på yrkesbakgrunn, og kan statsråden framskaffe ledigheitstal for heile verdikjeda i byggenæringa inkludert byggevareindustri og -handel?

Begrunnelse

NAV presenterer månedsvise rapportar om arbeidsledige gjennom rapportserien "Arbeidsmarkedet nå". På grunn av feil i NAV sine IT-system har nye arbeidssøkarar blitt registrert med ukjend yrkesbakgrunn mellom 19. desember og 11. januar. NAV kunne difor ikkje publisere statistikk for januar 2024 for arbeidssøkarar fordelt på yrkesbakgrunn.
Då ny rapport for februar blei lagt ut 1. mars, var nok ein gang ikkje ledigheitstala presentert med yrkesbakgrunn. Det er alvorleg for mellom anna byggenæringa, som no både opplever ein tøff marknadssituasjon og heller ikkje har oppdaterte ledighetstall så langt i 2024.
Det ligg heller ikkje, så langt eg er kjend med, føre ei oversikt over ledigheiten i heile verdikjeden i byggenæringa.
Venstre og underteikna meiner svært mykje tilseier at det bør settast inn forsterka tiltak for å betre marknadssituasjonen til byggenæringa. Då er eit nødvendig første steg at departementet får på plass nødvendig faktagrunnlag som no manglar om ledigheits-situasjonen i byggenæringa.

Tonje Brenna (A)

Svar

Tonje Brenna:

Svaret i pdf-format