Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til utenriksministeren

Dokument nr. 15:1528 (2023-2024)
Innlevert: 13.03.2024
Sendt: 13.03.2024
Besvart: 20.03.2024 av utenriksminister Espen Barth Eide

Ingrid Fiskaa (SV)

Spørsmål

Ingrid Fiskaa (SV): Då Den internasjonale domstolen opna folkemordsak mot Israel starta regjeringa ei intern gransking for å sjå om Noreg på nokon måte kan seiast å vera medskuldig dersom Israel vert dømt for folkemord. Ein månad har gått sidan regjeringa annonserte at dei skulle gjera gjennomgangen.
Kva har kome fram i granskinga så langt, og når vil Stortinget bli informert om funna?

Espen Barth Eide (A)

Svar

Espen Barth Eide: Noreg, og andre statspartar til folkemordkonvensjonen, er forplikta til å forhindra folkemord. Dette følgjer av folkemordkonvensjonen artikkel 1. Terskelen er høg for at ein tredjeparts mangel på handling er å rekna som i strid med folkemordkonvensjonen. Kva som krevst av ein tredjepart varierer mellom anna av nærleiken staten har til gjerningspersonane og statens evne til å påverka handlingane deira.
Sør-Afrika reiste 29. desember 2023 sak ved Den internasjonale domstol (ICJ) mot Israel for brot på folkemordkonvensjonen. Sør-Afrika bad også ICJ ferda ut ei rettsavgjerd om mellombelse tiltak for å få slutt på krigshandlingane, endra vilkåra som forårsakar levekåra i Gaza, og dessutan forhindra og straffe oppmodingar til folkemord. Domstolen avsa 26. januar 2024 ei første avgjerd som pålegg Israel ei rekkje avgrensingar og forpliktingar for krigføringa deira i Gaza. Vi har vore veldig tydeleg på at vi forventar at Israel fullt ut respekterer rettsavgjerda til domstolen.
I lys av rettsavgjerda om mellombelse tiltak i saka Sør-Afrika har reist mot Israel, og for å vera på den sikre sida, har UD sett i gang ei vurdering av kva dette inneber for Noreg. Denne vurderinga er førebels ikkje ferdigstilt. Eg vil fortelja om konklusjonane våre så snart vurderinga er sluttført.