Skriftlig spørsmål fra Sveinung Rotevatn (V) til landbruks- og matministeren

Dokument nr. 15:1511 (2023-2024)
Innlevert: 11.03.2024
Sendt: 12.03.2024
Besvart: 19.03.2024 av landbruks- og matminister Geir Pollestad

Sveinung Rotevatn (V)

Spørsmål

Sveinung Rotevatn (V): Kva er det EØS-rettslege handlingsrommet for å tillate sprøyting av avlingar ved hjelp av droner, og korleis jobbar regjeringa med å endre regelverket på området?

Begrunnelse

Sprøyting av frukttre er tungt, tidkrevjande og dyrt arbeid. Særleg i bratt terreng, som det er mykje av i dei mest frodige fruktområda på Vestlandet, er sprøyting ved bruk av traktor både vanskeleg og tidvis farleg arbeid.
Bruk av store droner til denne typen arbeid blir meir og meir aktuelt, og er ein svært lovande teknologi med tanke på å effektivisere sprøytingsarbeidet. Det blir likevel sagt at dagens EØS-regelverk er til hinder for å ta ein slik teknologi i bruk, då det av sikkerheitssomsyn er svært strenge reglar for å spreie kjemikaliar frå lufta – det vere seg ved bruk av droner eller bemanna luftfartøy.
Spørsmålet er om det finst noko juridisk handlingsrom her som ikkje per dags dato utnytta i Noreg for å tillate dette, slik ein har gjort i Sveits, og om regjeringa har gitt sine innspel til den pågåande prosessen i EU med å revidere regelverket på dette området.

Geir Pollestad (Sp)

Svar

Geir Pollestad: Direktiv om berekraftig bruk av plantevernmiddel og forordning om godkjenning av plantevernmiddel er ein del av EØS-avtala, og er gjennomført i norsk rett gjennom forskrift om plantevernmiddel.
Bruk av luftfartøy til spreiing av plantevernmiddel regulerast av dette regelverket. Dronar reknast som luftfartøy. Spreiing av plantevernmiddel frå luftfartøy er i utgangspunktet forbode, men direktivet opnar for at det kan gjerast unntak på visse vilkår, til dømes når det ikkje finns eigna alternativ, eller det inneber klare fordelar i form av redusert verknad på menneskje si helse og miljøet samanlikna med spreiing frå bakken.
I tillegg lyt plantevernmiddel som skal spreiast med drone, vere godkjend til slik bruk. Det er plantevernmiddelfirma som søkjer om godkjenning av eit plantevernmiddel, og som også lyt søkje om og dokumentere trygg bruk av plantevernmiddelet med drone. Mattilsynet opplyser at dei ikkje har motteke slike søknadar om ordinær godkjenning.
Når det ikkje finns plantevernmiddel som har ordinær godkjenning til dronebruk, kan Mattilsynet berre tillate dronespreiing til forsking og i naudssituasjonar for plantehelsa.
Det er mange ulike dronar på marknaden, og dei har svært ulike teknologiar for spreiing. Mattilsynet syner til at det er behov for meir kunnskap på fleire område, til dømes moglege krav til tekniske spesifikasjonar til spreiedronar.
Norske myndigheiter har vore representert i nokre møter med EU der direktiv om berekraftig bruk har vore diskutert. Dei har då innhenta informasjon om mellom anna tolking av reglar knytt til bruk av dronar og gjeve innspel i diskusjonane. Forslaget til nytt regelverk om berekraftig bruk av plantevernmiddel har vore diskutert i fora der norske myndigheiter ikkje har tilgang.
Eg vil avslutningsvis understreke at det er eit mål å redusere avhengigheita av kjemiske plantevernmiddel og redusere risiko for helse og miljø ved bruk av plantevernmiddel. Når det er naudsynt å nytte plantevernmiddel, er det viktig at midlane blir brukt riktig og at det brukast minst mogleg. Bruk av ny teknologi kan spele ei viktig rolle i dette arbeidet, men som nemnt er det framleis behov for kunnskap knytt til bruk av dronar til spreiing av plantevernmiddel.