Sveinung Rotevatn (V): Har regjeringa konkludert med at det nye nasjonale kompetansesenteret for dataspelkultur skal lokaliserast til Oslo, og kva er i tilfelle dei «helt åpenbare grunner» til at ein ikkje kan følgje Hurdalsplattformen på dette punktet og legge senteret utanfor Oslo?
Begrunnelse
I regjeringa sin dataspelstrategi for 2024-2026 går det fram at det skal etablerast eit nasjonalt kompetansesenter for dataspelkultur. I eit brev signert Vestland fylkeskommune, byrådet i Bergen, UiB og ei rekke aktørar i dataspelbransjen i Bergen, blir regjeringa sterkt oppmoda om å legge dette senteret til Bergen. Grunngjevinga er at statens forvaltningsorgan på dataspelområdet, NFI, allereie har ei avdeling i byen, og at Bergen er eit viktig knutepunkt for dataspelutvikling – både gjennom ei rekke selskap, og som hovudsete for Norsk nettverk for dataspillbedrifter. Landets største spelhus ligg også i Bergen.
I Hurdalsplattformen står det at «nye statlige arbeidsplasser skal legges utenfor Oslo, med mindre helt åpenbare grunner tilsier noe annet», og kommunal- og distriktsministeren har ansvaret for å følgje opp regjeringa sin politikk på området.
I BT 7. mars uttalar statssekretær Even Aleksander Hagen seg på ein måte som tilseier at regjeringa allereie har konkludert med at det nye kompetansesenteret skal lokaliserast til Oslo. Der seier han mellom anna at:
«For å dra nytte av eksisterende kompetanse og øvrige administrative ressurser i etatene, bør NFIs ansatte i kompetansesenteret knyttes til NFIs spillseksjon i Oslo.»
Det vil vere nyttig om kommunal- og distriktsministeren kan gjere greie for om konklusjonen rundt dette allereie er tatt, og kva som i tilfelle er «de helt åpenbare grunner» til at dette senteret ikkje kan lokaliserast utanfor Oslo, til dømes i Bergen.