Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:1428 (2023-2024)
Innlevert: 03.03.2024
Sendt: 04.03.2024
Besvart: 11.03.2024 av kommunal- og distriktsminister Erling Sande

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): Har departementet i vedtaket om å godkjenne detaljreguleringsplan for Aksla steinbrot og utskipingshamn ved Bårdvikneset kvalitetssikra Bremanger kommune si opplysing om at det finst to andre lokalitetar med den sjeldne naturtypen boreonemoral regnskog i kommunen hos Statsforvaltaren i Vestland, kan departementet utdjupe omgrepet «kjerneområdet for boreonemoral regnskog» og kvifor er det at det aktuelle skogområdet ligg utanfor eit kjerneområde eit argument for å rasere det, i staden for eit argument som skjerpar verneverdien?

Begrunnelse

Departementet skriv i sitt vedtak om godkjenning av detaljregulering for Aksla i Bremanger kommune at:

«Tiltaket vil fragmentere og dels øydelegge ein viktig førekomst av naturtypen boreonemoral regnskog. Bremanger kommune har opplyst at det er vedteke frivillig skogvern av to andre lokalitetar av naturtypen i kommunen, Gaddeskogvatn ved Vingesetra og Bugen i Botnane. Det har ikkje vore forslag om vern av lokaliteten ved inste Bårdvikneset (rik boreonemoral regnskog). Det er registrert 1,4 km² med rik boreonemoral regnskog på Vestlandet. Bremanger kommune ligg utanfor det som er vurdert som kjerneområde for rik boreonemoral regnskog (Rogaland og tidlegare Hordaland).»

Etter det underteikna er kjend med, er Inste Bårdvikneset den nest nordlegaste lokaliteten med rik boreonemoral regnskog i Noreg, og den einaste i Bremanger, jmf. Miljøfaglig Utredning, rapport MU2018-10 «Naturfaglige registreringer av kystfuruskog, sammenstilling av kartleggingsresultater 2012-2017».
Det kan i departementet sitt vedtak sjå ut som dei her har bygd på feilaktige opplysingar frå Bremanger kommune om at det finst andre lokalitetar med boreonemoral regnskog i Bremanger. Det er difor interessant å vite korleis departementet har vurdert opplysningane, og om departementet har kvalitetssikra opplysningar dei har fått direkte frå Bremanger kommune med faginstansar på området, som i dette tilfellet er Statsforvaltaren i Vestland.
Det er også vanskeleg å forstå kvifor departementet synes å legge vekt på at det bør vere ein lågare terskel for å øydelegge forekomstar av sjeldne naturtypar fordi dei ligg utanfor det området der denne naturtypen er vanlegast (det ulne omgrepet kjerneområde). Tvert imot skulle ein tru at ein rik førekomst av ein viss naturtype i eit område der denne naturtypen er svært sjeldan (utanfor kjerneområdet), gjer han endå meir verdifull og viktig å ta vare på.
Igjen er det interessant å vite om departementet berre har lent seg på Bremanger kommune sine argument i saka, eller om Bremanger kommune sine argument er kvalitetssikra og avklart med faginstansar på området som Statsforvaltaren i Vestland.

Erling Sande (Sp)

Svar

Erling Sande: Eg har tillit til at kommunane gjer sitt beste for å ha eit godt fagleg grunnlag før dei fattar vedtak i plansaker. Når departementet får oversendt motsegnssaker frå statsforvaltaren ligg det ved ein omfattande dokumentasjon, ikkje berre frå kommunen, men òg frå motsegns-styresmaktene. I tillegg vert det gjennomført møte og synfaring med partane for å få sakene enda betre opplyst, noko som òg har vore gjort i saka i Bremanger. Naturverdiane ved Inste Bårdvikneset har vore ein heilt sentral problemstilling i saka, og verdiane knytt til området, dei negative verknadene av planane og dei faglege vurderingane frå statsforvaltaren og Miljødirektoratet har kome godt fram. Omtala av «kjerneområde for boreonemoral regnskog» i den miljøfaglege utgreiinga, rapport MU2018-10, har inngått som ein del av saksdokumenta for departementet.
Etter mi vurdering ligg det difor føre eit godt kunnskapsgrunnlag for vedtaket i saka.