Alfred Jens Bjørlo (V): Finansministeren meiner det er «unorsk» og «gift i den norske modellen» å ville fjerne formuesskatten, og at den «bidrar på en god måte til å utjevne forskjeller mellom fattig og rik» (VG, 7/2).
Vil finansministeren vurdere å utvide grunnlaget for formuesskatt for landbrukseigedom, slik at også finansministeren gjennom si betydelege formuesplassering i landbrukseigedom som han i dag ikkje betaler formuesskatt på, får høve til å vere med og styrke den norske modellen og utjamne forskjellane mellom fattig og rik endå meir?
Begrunnelse
Formuesskatten skal i prinsippet betalast av alle nordmenn med formuesverdiar over 1,7 mill NOK. Det meste av formuer i Noreg som formuesskatten blir berekna frå, er knytt til norsk eigarskap i bedrifter, dvs. næringsinvesteringar som maskiner, varelager, kontor- og industribygg, aksjar med meir.
Svært mange bedriftseigarar har ikkje nok pengar tilgjengeleg privat til å betale formuesskatt på denne type bundne verdiar, og må difor ta ut utbytte frå selskap dei eig for å dekke skatten (etter selskapsskatt på 22 %) - med påslag for utbytteskatt på 37,84 %. Det tappar bedriftene for midlar som normalt ville ha blitt brukt til å utvikle selskapa videre. Dersom selskapa ikkje har nok overskot til å ta ut utbytte, må eigarane anten låne pengar eller selje seg ned.
Etter regjeringsskiftet i 2021 har den samla formuesskattebelastinga for norske private eigarar i næringslivet blitt omlag dobla. Etter underteikna og Venstre sitt syn påvirker dette mange norskeide bedrifter negativt. Norskeigde bedrifter blir tappa for likviditet år etter år, mens utanlandskeigde bedrifter slepp. Dermed rammast norskeigde private bedrifters levedyktigheit, konkurranseevne, investerings- og innovasjonsevne, grøn omstilling og arbeidsplassar, ikkje minst i distrikta.
Eg registrerer at finansministeren ikkje deler Venstre sitt syn på desse skadelege verknadene av dagens formuesskattbelasting på bedriftene, men tvert imot meiner at vi er «unorske» og heller «gift i den norske modellen» når vi argumenterer på denne måten. Det kan då vere interessant å vite om finansministeren ut frå sin eigen logikk arbeider med planer om å utvide grunnlaget for formuesskatt, slik at også næringar som jordbruk/skogbruk, som i dag betaler minimalt med formuesskatt for relativt høge teoretiske formuesverdiar som også er bundne opp på same måte som i store deler av distriktsnæringslivet elles, også skal betale meir formuesskatt i framtida.