Terje Kollbotn (R): Vil statsråden ta initiativ til eit regelverk ved alle statlege innkjøp og oppdrag der firma med landsdekkande norske tariffavtalar har fortrinn og at dette skal vere hovedregelen?
Begrunnelse
Før årets tariffoppgjer er det store forventningar om auka kjøpekraft for fagorganiserte.
Samstundes opplever mange ein tøffare kvardag og ein hardare konkurranse innan fleire bransjar, t.d. bygg- og anleggsbransjen. Mange firma og verksemder med landsdekkande norske tariffavtalar og høg organisasjonsgrad risikerer å tape i konkurransen om oppdrag. Eit uorganisert arbeidsliv og sosial dumping blir ofte resultatet.
I den seinere tid er det avdekka at dette også skjer ved offentlege innkjøp og oppdrag, både i kommunar, fylkeskommunar og i statleg regi.
Statlege verksemder som Statbygg, Statnett, Statkraft, Statens Vegvesen og andre inngått framleis kontraktar i statleg regi utan at krav om tariffavtale blir prioritert.