Skriftlig spørsmål fra Liv Kari Eskeland (H) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1159 (2023-2024)
Innlevert: 06.02.2024
Sendt: 07.02.2024
Besvart: 13.02.2024 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Liv Kari Eskeland (H)

Spørsmål

Liv Kari Eskeland (H): Kan jeg be statsråden gjera greie for kor mykje bilistar og staten (inkludert fylka) taper, med tanke på ferjekostnader, for kvart år Hordfast vert utsett, oppgitt i 2024-kroner?

Begrunnelse

Hordfast skal mellom anna finansierast med ferjeavløysingsmidlar for fylkessambanda samt kostnader staten har som i dag går til drift av riksvegferjer. Dess tidlegare prosjektet kjem på plass, dess tidlegare vil staten sine kostnader til ferjedrift og nyinvesteringar i ferjemateriell reduserast.
Hordfast vil avløyse fem store riksvegferjer, tre fylkesvegferjer (her under reduksjon i eit samband til Austevoll) og innkorting av eitt ferjesamband (Austevoll). Det er av interesse å få eit oversyn over årlege kostnader (i 2024 kr) oppgitt både for bilistar/transportørar for desse ferjene, samt årlege kostnader staten og fylkeskommunane har med ferjedrift for desse sambanda, som vert påført statsbudsjettet for kvart år Hordfast ikkje kjem i drift. Vi legg til grunn at bompengane vert borte den dagen prosjektet er nedbetalt og gratis for trafikantane.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Dersom prosjektet E39 Stord-Os (Hordfast) vert bygd vil det avløyse nokre ferjesamband fullt ut, mens andre samband kan verte lagt om og få lågare trafikk og endra frekvens. Det er dermed ikkje mogleg å sette likskapsteikn mellom dagens driftsutgifter på aktuelle samband og innsparing ved bygging av Hordfast. I tidlegare analysar av finansieringa av prosjektet er det vurdert at drifts- og vedlikehaldskostnader på ny veg truleg vil balansera eller overstiga innsparte ferjetilskot og kapitalkostnader til ferjemateriell, noko som betyr at det ikkje er rett fram å si kva netto tap som påførast ved at Hordfast ikkje byggast. For meir detaljerte samfunnsøkonomiske analysar av Hordfast viser eg til underlaget for NTP 2025-2036.