Skriftlig spørsmål fra Roy Steffensen (FrP) til forsknings- og høyere utdanningsministeren

Dokument nr. 15:1076 (2023-2024)
Innlevert: 30.01.2024
Sendt: 31.01.2024
Besvart: 06.02.2024 av forsknings- og høyere utdanningsminister Oddmund Hoel

Roy Steffensen (FrP)

Spørsmål

Roy Steffensen (FrP): Media har kjørt omfattende stikkprøvekontroll av masteroppgaver blant et geografisk og kjønnsmessig spredt utvalg av befolkningen bestående av 20 personer, hvor flere av disse har høyere utdanning. Av disse har minst 1 master over 20 % plagiering, mens i en annen master er det funnet om lag 70 tilfeller av tekstlikhet, og denne oppgaven er nå til ny vurdering. Ifølge SSB har 126 353 fullført masterstudier siden 2010.
Frykter statsråden at det er like mange tilfeller av plagiering/tekstlikhet blant disse som i gruppen nevnt over?

Oddmund Hoel (Sp)

Svar

Oddmund Hoel: Fusk er eit aukande problem i høgare utdanning. Det må me ta på stort alvor, ikkje minst av omsyn til det store fleirtalet studentar som ikkje fuskar.
For tilliten til høgare utdanning er det avgjerande at me kan stola på eksamensresultat. At nokre studentar fuskar går dessutan utover medstudentane deira. Derfor må me ha eit godt system for å avdekkja fusk, og det å fuska må få konsekvensar.
Om det har vore fusk ved ein eksamen eller oppgåve, må vurderast opp mot dei reglane som gjaldt for den aktuelle prøvingssituasjonen. Det er universiteta og høgskulane sjølv som fastset reglar for eksamenar og andre prøvingssituasjonar. Det er heller ikkje slik at alle tekstlikskapar er plagiat. Som omtalt i Prop. 126 L (2022–2023) punkt 16.4.4.3, må alle tekstlikskapar, særleg oppdaga gjennom plagiatverktøy, vurderast konkret ut frå mellom anna omfanget av tekstlikskapen og om likskapen er forklarleg eller ikkje. Ved mistanke om plagiat, er det ikkje tilstrekkeleg å bruka eit plagiatverktøy. Institusjonen må greia ut saka konkret og studenten si eiga forklaring må inngå i utgreiinga.
Dei stikkprøvekontrollane av tekstlikskap som er gjennomført av media, gir oss dermed ikkje grunnlag til å konkludera på førekomsten av fusk i tidlegare masteroppgåver. Eg viser elles til at tidlegare masteroppgåver må vurderast opp mot regelverket som gjaldt på det dåverande tidspunktet og for den konkrete prøvingssituasjonen. Handteringa til institusjonane må vera i samsvar med forvaltningsrettslege prinsipp om mellom anna likebehandling. Høve til å bruke reaksjonar ved fusk, blir ikkje forelda. Det er opp til kvar enkelt institusjon å vurdera om det er grunnar til å gå gjennom tidlegare oppgåver.