Skriftlig spørsmål fra Lan Marie Nguyen Berg (MDG) til arbeids- og inkluderingsministeren

Dokument nr. 15:1059 (2023-2024)
Innlevert: 29.01.2024
Sendt: 29.01.2024
Rette vedkommende: Barne- og familieministeren
Besvart: 02.02.2024 av barne- og familieminister Kjersti Toppe

Lan Marie Nguyen Berg (MDG)

Spørsmål

Lan Marie Nguyen Berg (MDG): Hva vil det koste å gi foreldre med barn til og med 12 år en time betalt fri hver dag, etter modell fra ordningen med «ammefri» der timen gis per husholdning, slik at den deles mellom foreldrene eller gis til en enslig forelder eller foresatt?

Kjersti Toppe (Sp)

Svar

Kjersti Toppe: Eg tolkar det slik at representanten ber om dei direkte kostnadene ved ei ordning med ein time betalt fri for foreldre med barn til og med 12 år og ikkje ei utgreiing av forslaget. Dersom ein vurderer å føreslå å innføre ei slik ordning er det naudsynt med grundigare utgreiingar av verknadene, inkludert korleis det vil påverke barnefamiliane, arbeidsgivarar, tilgangen på arbeidskraft og dei langsiktige forskjellane i løn mellom kvinner og menn og mellom arbeidstakarar med og utan barn. Dersom arbeidsgivarar skal få kompensasjon for utgiftene til ei slik ordning, vil det også vere kostnader for den instansen som skal administrere utbetalinga.
Arbeids- og velferdsdirektoratet opplyser om at tal frå september 2023 viser at det er om lag 757 300 barn under 13 år som bur i Noreg, i om lag 484 800 ulike søskenflokkar (berre medrekna heilsøsken). Av desse hadde 91 prosent ein eller to yrkesaktive foreldre. NAV har ikkje registerdata om hushald. I berekningane er talet på søskenflokkar derfor justert ned noko for å korrigere for tilfelle med halvsøsken. Vi kjenner ikkje til lønsnivået for denne gruppa foreldre, men har tatt utgangspunkt i gjennomsnittleg månadsløn for 2022 frå SSB og prisjustert i tråd med forventa lønsvekst for 2023 og 2024 frå Nasjonalbudsjettet 2024. Dersom foreldre får ein time fri per dag per hushald vil dei årlege kostnadane vere om lag 40,6 mrd. kroner.
Eg vil presisere at utrekningane er usikre, også grunna manglande statistikk . Det er truleg heller ikkje slik at alle foreldre i praksis kjem til å ta i bruk ordninga. Innrettinga på ordninga for einslege foreldre vil også ha innverknad på kor mange foreldre som vil ha rett på ein time fri. Kostnaden ved forslaget vil derfor truleg vere lågare enn 40,6 mrd. kroner, men det vil krevje nærare utgreiingar og konkretisering av ordninga for å gi eit meir presist anslag.