Skriftlig spørsmål fra Mudassar Kapur (H) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:1044 (2023-2024)
Innlevert: 26.01.2024
Sendt: 26.01.2024
Besvart: 02.02.2024 av kommunal- og distriktsminister Erling Sande

Mudassar Kapur (H)

Spørsmål

Mudassar Kapur (H): Hvordan har, og skal, statsråden sørge for at lover og forskrifter blir fulgt i gjennomføring av folkeavstemning/innbyggerhøring i områdene som tidligere utgjorde Søgne og Songdalen?

Begrunnelse

Jeg viser til folkeavstemning/innbyggerhøring i områdene som tidligere utgjorde Søgne og Songdalen. Innbyggerne kan stemme både digitalt og via brevstemme/stemmeseddel. Det har i etterkant vist seg at ikke alle har mottatt stemmeseddel og i den forbindelse er det henvist til alternative løsninger. Dette har skapt stor debatt og jeg viser i den forbindelse til bekymringer uttrykt fra både KS og ordføreren i Kristiansand. (https://www.nrk.no/sorlandet/ks-bekymret-for-_juksestemmer_-1.16733266)

Erling Sande (Sp)

Svar

Erling Sande: Regjeringa ønsker å få innspel frå innbyggjarar i dei områda som utgjer tidlegare Søgne og Songdalen kommunar om ei mogleg deling av Kristiansand kommune, og gjennomfører lokale folkeavrøystingar i samband med dette.
Den primære måten å røyste på er gjennom ei elektronisk løysing. For å sikre at alle røysteføre faktisk skal kunne røyste, også om dei ikkje kan eller ønsker å bruke den elektroniske løysinga, er det som ein alternativ metode mogleg å brevrøyste. Det er kjent at ein ved brevrøysting ikkje har ei sikker identifisering av veljar. Det inneber sjølvsagt ein risiko, som det er teke høgde for.
Representanten viser til at det er mogleg å brevrøyste med eige materiell. Vi veit at ikkje all post kjem fram til mottakar, og vi ønsker ikkje at røysteføre skal miste moglegheita til å røyste fordi dei ikkje har motteke utsendt materiell. Desse veljarane har difor blitt oppmoda om å kontakte Valdirektoratet sitt kontaktsenter for å få rettleiing i korleis dei kan røyste med eige materiell på ein korrekt måte som sikrar hemmelege val. Dette er ikkje ein ukjend måte å stemme på i Noreg, ved ordinære val er dette ei moglegheit for veljarar i utlandet.
Departementet har tett kontakt med Valdirektoratet gjennom folkeavrøystingsperioden, og både departementet og direktoratet har gjort risikovurderingar. Direktoratet følgjer med på både elektronisk løysing og brevrøyster som kjem inn, og vil orientere departementet om dei opplever uregelmessigheiter i gjennomføringa. Det er utarbeidd rutinar for korleis oppteljinga skal skje, som sikrar at ingen veljarar får godkjent meir enn ei røyst. Fordi elektronisk røysting er den primære løysinga, vil brevrøyster bli forkasta om ein veljar har forsøkt å røyste på begge måtar. Om ein veljar sender inn meir enn ei brevrøyst, vil det bli oppdaga, og berre ei av røystene blir godkjend. Brevrøyster som ikkje er i tråd med krava i forskriftene vil også bli forkasta.
Vi har ein god demokratisk kultur i Noreg. Vi må kunne legge til grunn at folk følger norsk lov og dei reglane som er fastsette for folkeavrøystingane. Det er forbode og straffbart å kjøpe og selje røyster, drive utilbørleg valpåverknad eller å røyste i andre sitt namn både ved ordinære val og ved folkeavrøystingar.