Skriftlig spørsmål fra Helge André Njåstad (FrP) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:989 (2023-2024)
Innlevert: 21.01.2024
Sendt: 22.01.2024
Besvart: 30.01.2024 av kommunal- og distriktsminister Erling Sande

Helge André Njåstad (FrP)

Spørsmål

Helge André Njåstad (FrP): Kan statsråden gi en tabell oversikt over hva nivå som har vært på utjevning mellom skattesterke og skattesvake kommuner historisk?

Begrunnelse

Det nærmer seg fremleggelse av nytt inntektssystem for kommunene og signal fra regjeringen er at man vil skrote den fordeling som har vært mellom kommunene siden Stoltenberg-regjeringen sin tid. Det hadde vært interessant med en opplisting historisk om hvordan skattesterke kommuner har bidratt til skattesvake.

Erling Sande (Sp)

Svar

Erling Sande: Kommunane sine inntekter frå skatt og korleis dei blir fordelte mellom kommunane er påverka av fleire forhold, som kva for skatteinntekter og andre inntekter kommunane får ein del av, kor stor del skatteinntektene utgjer av dei samla inntektene (skatteandel), kva for skatteinntekter som blir utjamna og korleis utjamninga av skatteinntektene – inntektsutjamninga – er utforma. Desse ulike elementa bør sjåast i samanheng. Eg vil derfor òg nemne dei andre elementa før eg går konkret inn på inntektsutjamninga.
Kvart år, i samband med handsaminga av statsbudsjettet, blir det sett eit mål for kor stor skatteandelen skal vere. Ein auka skatteandel vil gi meir ulikskap i inntektene til kommunane, mens ein redusert skatteandel vil gi jamnare inntekter. I perioden frå 2001 til 2005 vart skatteandelen auka frå 44 til 50 prosent. Etter det har skatteandelen blitt trappa ned, først til 45 prosent i 2009 og ytterlegare ned til 40 prosent i 2011. Sidan 2011 har skatteandelen lege rundt dette nivået.
I dag er det kommunane sine inntekter frå personsskatten, dvs. frå skatt på inntekt og formue, inkludert naturressursskatten, som blir utjamna mellom kommunane. Tidlegare har kommunane fått ein andel av selskapsskatten etter ulike modellar, og den har òg inngått i inntektsutjamninga. Kommunane hadde inntekt frå selskapsskatt før 1999 og i perioden 2005–2008.
Når det gjeld inntektsutjamninga var det før år 2000 ei ordning med tilskot til minsteinntektskommunar, det vil seie kommunar som hadde skatteinntekter under eit gitt nivå av gjennomsnittleg skatteinntekt per innbyggar, og ei trekkordning for kommunar med høge skatteinntekter. Før 1996 vart utjamninga gjort via eit skattefordelingsfond, og frå 1997 vart den ein del av rammetilskotet. Denne ordninga var ikkje ei rein omfordelingsordning mellom kommunane før i 2000.
I 2000 vart kommunar med skatteinntekter per innbyggar under 108 prosent per innbyggar kompenserte med 91 prosent (kompensasjonsgrad) av forskjellen mellom eigen skatt per innbyggar og 108 prosent (referansenivå) av landsgjennomsnittet. Kommunar som låg mellom 108 og 140 prosent av landsgjennomsnittet vart ikkje kompenserte, mens kommunar som låg over 140 prosent av landsgjennomsnittet vart trekte 50 prosent av skatteinntektene over 140 prosent. Inntektsutjamninga var sjølvfinansierande ved å trekke alle kommunar med eit likt beløp per innbyggar. Etter det skjedde ei opptrapping ved at referansenivået auka frå 108 til 110 prosent, mens kompensasjonsgraden gjekk ned frå 91 til 90 prosent, og grensa for kommunar som vart trekte 50 prosent gjekk ned til 134 prosent av landsgjennomsnittet.
Frå og med 2005 har det vore symmetrisk utjamning. Det inneber at kommunar med skatteinntekter over eit gitt referansenivå blir trekt like mykje per innbyggar, som det kommunar med inntekter under referansenivået blir kompensert med per innbyggar. Referansenivået er landsgjennomsnittet for skatteinntekter i kroner per innbyggar. Kompensasjonsgraden i den symmetriske utjamninga vart auka gradvis frå 55 prosent i 2005 til 60 prosent i 2011. I tillegg til symmetrisk inntektsutjamning er det òg ein tilleggskompensasjon for å ta ekstra vare på kommunar med låge skatteinntekter. Tilleggskompensasjonen blir gitt til kommunar med skatteinntekter under 90 prosent av landsgjennomsnittet, og svarar til 35 prosent av differansen mellom eigen skatteinntekt og 90 prosent av landsgjennomsnittet. Tilleggskompensasjonen blir finansiert ved et likt trekk per innbyggar for alle kommunane.
Det har ikkje vore nokre endringer i modellen for inntektsutjamning etter 2011.
Det konkrete trekket og tillegget i inntektsutjamninga for kvar kommune er vist på Kommunal- og distriktsdepartementet sine sider på regjeringen.no: https://www.regjeringen.no/no/tema/kommuner-og-regioner/kommuneokonomi/inntektssystemet-for-kommuner-og-fylkeskommuner/lopende-inntektsutjevning/id548672/. Her ligg det oversikt over kvart år sidan 2013.
Utforminga av skatteelementa er ei avveging mellom omsynet til jamnare inntektsfordeling og føresetnaden for likeverdige tenester og omsynet til å late kommunane få behalde nokre av verdiane som blir skapte lokalt. Endringane i skatteelementa under regjeringa Stoltenberg, som redusert skatteandel, avvikling av selskapsskatt som kommunal inntekt, og høgare kompensasjonsgrad i inntektsutjamninga, ga den gong ei jamnare inntektsfordeling mellom kommunane.
Regjeringa har varsla at vi vil legge fram ein heilskapleg gjennomgang av inntektssystemet for kommunane i løpet av våre 2204. Det er mange år sidan førre heilskaplege gjennomgang av inntektssystemet, og når samfunnet forandrar seg må vi også gå gjennom inntektssystemet med jamne mellomrom.