Skriftlig spørsmål fra Mudassar Kapur (H) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:878 (2023-2024)
Innlevert: 09.01.2024
Sendt: 09.01.2024
Besvart: 23.01.2024 av kommunal- og distriktsminister Erling Sande

Mudassar Kapur (H)

Spørsmål

Mudassar Kapur (H): Hvilket ansvar har en kommune som senere blir splittet i to nye kommuner for driftsavtaler som er inngått med private bedrifter, og hvilke rettigheter har bedrifter med driftsavtaler i en slik situasjon?

Begrunnelse

Bedriften Apeks fysioterapi hadde før sammenslåingen mellom Haram og Ålesund en driftsavtale med Haram kommune. Haram kommune opphørte som selvstendig rettssubjekt da den ble slått sammen med Ålesund, og driftsavtalen ble overtatt av Ålesund kommune. Bedriften ligger nå geografisk lokalisert i nye Ålesund kommune. Ålesund mener driftsavtalen skal overføres til nye Haram kommune, fordi det var gamle Haram som opprinnelig inngikk driftsavtalen. I 2021 flyttet imidlertid bedriften fra gamle Haram kommune til det som i dag er nye Ålesund kommune. Haram kommune mener driftsavtalen må videreføres med nye Ålesund, ettersom bedriften er lokalisert i nye Ålesund.
Denne saken reiser et prinsipielt spørsmål om hvem som har ansvaret for driftsavtaler når en kommune senere blir splittet i to nye kommuner. Slik jeg oppfatter saken anfører Ålesund at avtaler som ble inngått med gamle Haram må tilbakeføres dit. Når bedriften i mellomtiden har flyttet til det som i dag er Ålesund kommune, og driftsavtalen juridisk sett er overtatt fra gamle Haram til Ålesund kommune, kan det imidlertid argumenteres for at Ålesund kommune forvalter avtalen og eventuelt fatter et nytt forvaltningsvedtak dersom man ønsker å endre på avtaleforholdet.

Erling Sande (Sp)

Svar

Erling Sande: Spørsmålet representanten stiller er knytt til konsekvensane ved endringar i kommunestrukturen og til helse- og omsorgslovgivinga.
Endringar av kommunegrenser er regulert i inndelingslova. Ved samanslåing av kommunar sluttar dei kommunane som blir slått saman til ein ny kommune, å eksistere. Den nye, samanslåtte kommunen blir oppretta som eit eige rettssubjekt. Ved samanslåinga blir eigedelar, gjeld, eigenkapital m.m. hos dei gamle kommunane overført til den nye, samanslåtte kommunen, og den nye kommunen overtar automatisk ansvaret for oppgåvene dei tidlegare kommunane hadde overfor innbyggjarane. Kommunal- og distriktsdepartementet har tidlegare lagd til grunn at det gjeld eit ulovfesta kontinuitetsprinsipp ved kommunesamanslåing. Det inneber at det ikkje er krav om samtykke frå medkontrahentar for å overføre kontraktar til den nye, samanslåtte kommunen. Det var tilfellet då Ålesund og Haram kommunar blei slått saman til Ålesund kommune i 2020.
På same måte sluttar den gamle kommunen å eksistere ved deling, og dei nye kommunane blir oppretta som eigne rettssubjekt. Etter delinga av Ålesund kommune, som tok til å gjelde 1. januar 2024, er Ålesund og Haram igjen eigne kommunar. Ved deling av kommunar er utgangspunktet òg at eksisterande kontraktar, avtalar m.m. blir vidareførte til dei nye kommunane, og at desse i utgangspunktet er solidarisk ansvarlege overfor medkontrahentar/kreditorar. Deling av kommunar inneber likevel at skal det gjennomførast eit fullstendig økonomisk oppgjer, jf. inndelingslova § 18 og tilhøyrande forarbeid. Det vil seie at alle rekneskapsførte eigedelar, gjeld, eigenkapital og alle andre rettar og plikter som låg til den gamle kommunen, skal bli fordelte på og overførte til dei nye kommunane. Det er i utgangspunktet opp til dei nye kommunane å avgjere korleis det økonomiske oppgjeret skal gjennomførast, og inngå avtale om fordelinga av eigedelar, gjeld, rettar, plikter m.m. Om kommunane ikkje blir einige om heile, eller delar av, det økonomiske oppgjeret, skal det avgjerast ved skjønn av ei skjønnsnemnd nemnt opp av departementet. Inndelingslova har reglar som skal leggast til grunn av skjønnsnemnda ved fastsetting av skjønn ved deling av kommunar. Kommunane kan sjå hen til reglane i arbeidet med ein oppgjersavtale, men er ikkje bundne av desse. Inndelingslova regulerer ikkje alminnelege privatrettslege forhold.
Om dei nye kommunane ønsker ei anna fordeling av ansvar eller plikter enn det som følger av ei eksisterande avtale, vil det som hovudregel krevje samtykke frå medkontrahenten. Dette vil til dømes gjelde dersom dei nye kommunane blir einige om at ein avtale skal overførast til ein av kommunane. Elles vil aktuelt regelverk, avtalerettslege prinsipp og den enkelte avtale sette rammer for kva for endringar kontraktspartane kan gjere, vilkår for oppseiing m.m.
Ansvaret kommunar har for helse- og omsorgstenester er regulert i helse- og omsorgstenestelova. Både Ålesund og Haram kommunar skal sørge for at personar som oppheld seg i kommunen blir gitt tilbod om naudsynte helse- og omsorgstenester, jf. helse- og omsorgstenestelova § 3-1 første leddet. For å oppfylle ansvaret for å tilby naudsynte helse- og omsorgstenester skal kommunane blant anna ha knytta til seg fysioterapeut, jf. helse- og omsorgstenesteloven § 3-2 andre leddet. Slike tenester kan enten ytast av kommunen sjølv eller ved at kommunen inngår avtale med andre offentlege eller private tenesteytarar.
Kommunen sitt ansvar inneber at den skal sørge for eit tilstrekkeleg antal fysioterapeutar. Det er kommunen som bestemmer omfanget av sjølvstendig næringsdrivande sin fysioterapiverksemd, og som vurderer omfanget av heimlar ut frå kommunen sitt behov for fysioterapitenester. Kommunale driftsavtaler med sjølvstendig næringsdrivande fysioterapeutar om å tilby fysioterapitimar på vegner av kommunen, regulerast blant anna av forskrift om funksjons- og kvalitetskrav for fysioterapeutar med kommunal driftsavtale, individuell driftsavtale med den enkelte fysioterapeut og rammeavtaler mellom kommunane og fysioterapiforbunda. Kommunen og den enkelte fysioterapeut er forplikta etter driftsavtala med dei rettar og plikter som følger av denne.
Både Ålesund kommune og Haram kommune må vurdere korleis dei kan oppfylle sitt sørge-for ansvar for fysioterapitenester. Vidare må kommunane bli einige om korleis den kommunale driftsavtalen om fysioterapitenester skal førast vidare. Eventuelle endringar i avtalar, innanfor rammene av gjeldande regelverk, føreset einigheit mellom kontraktspartane.