Skriftlig spørsmål fra Helge André Njåstad (FrP) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:801 (2023-2024)
Innlevert: 29.12.2023
Sendt: 02.01.2024
Besvart: 09.01.2024 av kommunal- og distriktsminister Erling Sande

Helge André Njåstad (FrP)

Spørsmål

Helge André Njåstad (FrP): Er statsråden samd i at kommunestyrerepresentantar ikkje er ugild som fylgje av partistøtte det er fult openhet om?

Begrunnelse

Det er reglar for økonomisk støtte til parti og over eit visst beløp er det full openhet om kven som har gitt kva til kven. Det største bidraget til politiske partier i Norge kjem frå arbeidstakarorganisasjonar til regjeringspartia. Spørsmål om habilitet knytta til partistøtte dukkar opp av og til. I Stord kommunestyre nyleg valgte kommunestyret å erklære ei heil partigruppe ugild grunna at ein privat aktør har gjeve partigruppa støtte. Skulle ein slik forvaltning leggjast til grunn ville samtlege kommunestyregrupper til parti som får støtte frå arbeidstakarorganisasjoner vera ugild i alle arbeidsgjevarspørsmål. Denne praksisen frå Stord kommune gjer at statsråden bør på banen og presisere korleis dette skal forvaltast så ikkje folkevalgte ikkje blir satt på gangen grunna partistøtte til partigruppa vedkomande er medlem av.

Erling Sande (Sp)

Svar

Erling Sande: Eg kan ikkje gå inn i den konkrete saka som er bakgrunnen for spørsmålet. Det er den einskilde folkevalde, det folkevalde organet og kommunen sjølv som er ansvarleg for å vurdere habilitet og for å følge regelverket. Denne type saker kan også kome opp som ei sak om lovlegkontroll etter kommunelova kapittel 27.
Både kommunelova og forvaltningslova har reglar om habilitet. Verken i disse lovene eller i partilova er det sagt noko konkret om samanheng mellom partistøtte og habilitet. Det er derfor dei generelle reglane om habilitet som må vurderast i dei einskilde saker der folkevalde kan vere inhabile fordi partiet dei er medlem i har fått partistøtte.
Generelt kan eg seie at partistøtte ikkje automatisk vil medføre at nokon blir inhabile. Men det er heller ikkje utelukka at partistøtte i konkrete situasjonar kan medføre at folkevalde blir inhabile. Eg er ikkje kjent med at det er eit generelt problem at partistøtte gjer at dei som er folkevalt i kommunar i stor grad blir inhabile og ikkje kan delta i behandlinga av saker.