Skriftlig spørsmål fra Sigbjørn Framnes (FrP) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:705 (2023-2024)
Innlevert: 14.12.2023
Sendt: 14.12.2023
Besvart: 22.12.2023 av kommunal- og distriktsminister Erling Sande

Sigbjørn Framnes (FrP)

Spørsmål

Sigbjørn Framnes (FrP): Vil ministeren ta initiativ til å sjå på eit meir rettferdig inntektssystem for kommunane, slik at ein større del av inntektene blir igjen i kommunane der verdiskapinga skjer?

Begrunnelse

Stord kommune er inne i ein periode med stor aktivitet i næringslivet som i seg sjølv er bra. Det er stort behov for arbeidskraft og det er nå 6 000 leigearbeidarar som går i turnus knytt til prosjekta.
Verdiskapinga frå verksemdene på Stord er me stolte av. Men me tar ikkje dette for gitt. Verksemdene har forventningar til infrastruktur, næringsareal, bolig, fritidsaktivitetar og andre tenester frå privat og offentlege sektor. Den høge aktiviteten setter m.a. de kommunale tenestene under press. Dette gjelder særleg helsetenestene. Situasjonen har blitt endå meir krevjande gjennom flyktningkrisa me no står i. Stord kommune er klar for å ta sin del av ansvaret for dei nasjonale utfordringane, men me meiner at dagens inntektssystem for kommunane ikkje tar omsyn til verdiskapinga som arbeidskrafta representerer. Det vil sei at den delen av skatten som kjem kommunen til gode, er knytt til bustadadresse, ikkje til kommunen der personane jobbar. I Stord kommune blir ein uforholdsmessig stor del av skattekronene, betalt til det sentral skattekontoret. Dette meiner me er urimeleg. Det eksisterer no et misforhold mellom våre inntekter og personar som har rett og krav på tenester frå kommunen. Det har blitt tatt grep i forhold til vindmøller og havbruk, med etablering av grunnrenteskatt. Her meiner me det er klare parallellar til vår sak. Det er ikkje meir enn rett og rimeleg at ein større del av skatteinntektene kommer vertskommunane til gode.

Erling Sande (Sp)

Svar

Erling Sande: Kommunane har ansvaret for viktige, nasjonale velferdsoppgåver. For dei aller fleste tenestene er det samanfall mellom der innbyggjarane er folkeregistrerte og der dei får tenestene sine. Nokre gongar må kommunane òg tilby tenester til andre som ikkje er folkeregistrerte i kommunen, som innbyggjarar som har fritidsbustad i kommunen, studentar, pendlarar mv. Kommunane har mellom anna ansvaret for beredskapen innanfor kommunegrensa, til alle som oppheld seg i kommunen. Kommunane skal òg sørgje for at personar som oppheld seg i kommunen får tilbod om naudsynte helse- og omsorgstenester.
Det er eit grunnleggjande prinsipp i finansieringa av kommunesektoren at fordelinga av inntekter mellom kommunane tek utgangspunkt i kor innbyggjarane er folkeregistrerte. Rammetilskotet til kommunane blir berekna ut ifrå talet på personar som er folkeregistrerte i kommunen, og skatteinntektene går i hovudsak til den kommunen skatteytaren er folkeregistrert. Eit unntak er formuesskatt og eigedomsskatt på fritidsbustad, som går til kommunen der fritidsbustaden ligg. At finansieringa av kommunane er knytt til bustadkommunen, gjer at kommunane sitt heilskaplege ansvar for tenestetilbodet til innbyggjarane blir tydeleg og at det er samsvar mellom finansieringa av kommunen og dei innbyggjarane som har stemmerett i kommunen.
Eg vil òg peike på at kommunane sine skatteinntekter blir utjamna gjennom inntektsutjamninga, kor skattesterke kommunar får eit trekk mens skattesvake kommunar får eit tillegg i inntektene sine. Stord, som ligg under landsgjennomsnittet, blir løfta opp i inntektsnivå grunna inntektsutjamninga.
Regjeringa arbeider no med ein heilskapleg gjennomgang av inntektssystemet for kommunane, og vil etter planen leggje fram ei melding for Stortinget om dette i løpet av våren. I denne gjennomgangen vil vi blant anna vurdere utforminga av skatteelementa i inntektssystemet og korleis vi kan leggje til rette for ei jamnare inntektsfordeling mellom kommunane.
I Hurdalsplattforma seier regjeringa at vi vil sikre at lokalsamfunn som stiller sine naturressursar til disposisjon for utbygging, får meir igjen for det og vert sikra ein rettmessig del av verdiskapinga. Dette har vi følgt opp overfor kommunane med grunnrenteskatt på havbruksverksemd og på landbasert vindkraft. Regjeringa omtalar forslaget på denne måten i proposisjonen (Prop. 78 LS (2022-2023), side 8):

«Regjeringen vil sørge for at vertskommuner kommer bedre ut med innføring av grunnrenteskatt. Lokalsamfunnet får dermed en større og mer rettferdig del av verdiskapningen som skjer ved hjelp av naturressursene i disse lokalsamfunnene. Regjeringen foreslår derfor å gå bort fra høringsnotatets forslag om å innføre naturressursskatt, som utjevnes mellom kommuner.»

Stord har havbruksverksemd og mottek dermed sin del av produksjonsavgifta og sal av ny kapasitet til oppdrett gjennom Havbruksfondet. Stord har valt å ha eigedomsskatt i heile kommunen, det vil seie på alle typar eigedom. Det betyr at kommunen òg har inntekter frå verksemdene som stortingsrepresentanten Framnes siktar til i spørsmålet. Både havbruksmidlane og eigedomsskatten er inntekter som kommunen sjølv kan prioritere korleis dei skal nyttast.
Eg vil og nemne at det brei støtte i Stortinget til denne politikken. Det kjem fram i Innst. 372 L (2022-2023):

«Flertallet [alle utenom Høyre, Frp og MdG] vil understreke at det av hensyn til legitimiteten i næringen er viktig at lokalsamfunnene tilgodesees i større grad enn hva som er gjort til nå. Flertallet støtter at inntektene til vertskommuner fordeles gjennom Havbruksfondet, og støtter også at fylkeskommunenes andel av Havbruksfondet økes fra 12,5 pst. til 20 pst.»