Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:699 (2023-2024)
Innlevert: 14.12.2023
Sendt: 14.12.2023
Besvart: 18.12.2023 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren forklare korleis Statenes vegvesen klarer å prestere å misbruke så grunnleggende begrepet "fagetat" når det dei i praksis forsøker å prioritere vegprosjektet Møreaksen i Møre og Romsdal inn mot ny NTP, som overhode ikkje samsvarar med vanlige folks, næringslivet og eit samla politisk miljø sine oppfatningar om kva som faglig må prioriterast fyrst?

Begrunnelse

"Fagetaten" framstiller Statens vegvesen seg sjølv som.
Statens vegvesen har kome med så kalla "faglig tilråding" for ny NTP.
I Møre og Romsdal har eit samla næringsliv, alle organisasjonar, alle kommunar, heile fylkestinget samla seg ikring prioritering av "Exportvegen" E-136 frå Ålesund til Bjorli.
I tillegg er den mest ulykkesutsatte vegstrekninga E-39 frå Veibust-Blindheim til Moa, med over 22 000 bilar i Norges mest trafikkerte et løps tunell, også prioritert svært høgt av alle i fylket.
Likevel presterer utbyggingsdirektøren i Statens vegvesen på vegner av den så kalla "fagetaten", å foreslå å ta heilt ut av NTP dei neste 12 åra strekninga på E-136 mellom Moa og Vestnes, den mest trafikkerte strekninga på Exportvegen E-136.
I staden klarer Statens vegvesen å prioritere Møreaksen, eit prosjekt som folket i fylket ikkje vil ha og som med sine svimlande 30-40 milliard kr framstår som eit av dei mest meiningslause sløserivegprosjekt landet nokon gong har sett.
"Heile" 2 292 bilar ferdast over Romsdalsfjorden pr. dag, og ikkje i manns minne har det skjedd ei einaste ulykke på denne strekninga, som i dag er med ferjer.
"Muligens nokon som har klamra fingrane i bildøra eller noko slikt".
Den så kalla "fagetaten" ser altså totalt vekk frå "dødsvegen" i denne regionen som er E-39 Veibust-Blindheim til Moa, med fleire dødsulykker og alvorlige ulykker dei siste åra, likeså E-136 frå Ålesund til Bjorli er også sterkt ulykkesutsatt. "Fagetaten" berre står og ser på ulykkesvegane, og misbruker betegnelsen "fagetat" grovt.
Kva fagleg begrunnelse Statens vegvesen har for å foreslå E-136 heilt ut av NTP, er ikkje berre kompetanselaust, men direkte eit kraftig angrep på demokratiet. Statens vegvesen i denne regionen framstår som ein "stat i staten" som bryr seg null om kva innbyggjarane, næringslivet eller eit samla politisk miljø måtte meine, nei her er prestisje viktigare.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Samferdselsdepartementet har bedt sin fagetat Statens vegvesen om faglege vurderingar om økonomiske prioriteringar til Nasjonal transportplan 2025-2036.
Samferdselsdepartementet har mottatt vurderingane. Regjeringa vil leggje fram forslag til Nasjonal transportplan 2025-2036 til Stortinget våren 2024.