Skriftlig spørsmål fra Bengt Rune Strifeldt (FrP) til landbruks- og matministeren

Dokument nr. 15:691 (2023-2024)
Innlevert: 13.12.2023
Sendt: 13.12.2023
Besvart: 19.12.2023 av landbruks- og matminister Geir Pollestad

Bengt Rune Strifeldt (FrP)

Spørsmål

Bengt Rune Strifeldt (FrP): På hvilket grunnlag kan statsråden gå god for at prisen på potet vil være «om lag som før», når fageksperter mener prisene vil øke betydelig som følge av den nye tollsatsen for poteter?

Begrunnelse

I budsjettforliket mellom regjeringen og SV ønsker man å gå fra en krone- til prosenttoll for poteter. I NRK advarer matforsker Ivar Pettersen for at kiloprisen for poteter kan doble seg som følge av regjeringens grep, mens landbruksminister Pollestad påstår at «prisene vil være om lag som før».
De siste par årene har vi sett en dramatisk vekst i matvareprisene, og økte toller vil gjøre vondt verre for mange familier som sliter med å få endene til å møtes. Spørsmålsstiller mener regjeringen sender fra seg et svært negativt signal, når de i en tid der mange sliter med de økte matvareprisene, velger å innføre politiske grep som fageksperter mener vil heve matvareprisene ytterligere.
Fageksperter er tydelige på at endringen vil medføre økte priser. Det er derfor naturlig at statsråden svarer på hva han vet, som ikke ekspertene vet, om hvordan økte toller påvirker potetprisen for forbrukeren.

Geir Pollestad (Sp)

Svar

Geir Pollestad: Regjeringa har ambisiøse mål for norsk landbruk. Å oppretthalde norsk produksjon er grunnleggjande for matforsyninga vår. Eit solid importvern er ein føresetnad for å nå måla våre om auka sjølvforsyning, styrka beredskap, høgre inntekter for norske bønder og landbruk over heile landet. Det er nettopp derfor det skal gjennomførast ei omlegging frå kronetoll til prosenttoll for potet, potetflak og potetgranulat.
Omlegginga frå kronetoll til prosenttoll på potet og potetprodukt vil over tid gi høve for prisauke nasjonalt på desse produkta. Samstundes er det ikkje slik at prisen for eit produkt blir fastsett på grunnlag av nivået på tollsatsane.
Det er mange ulike faktorar som bestemmer prisen på eit produkt. Eit tilfeldig butikkbesøk nyleg viste eit prisspenn på poteter frå 12,45 kr/kg til 74,75 kr/kg. Tollsatsen ved import er 1-2 kr/kg. Prisvariasjonen er stor, uavhengig av om poteta er importert eller ikkje. Dette viser at andre forhald som kvalitet og særpreg, men og betalingsviljen til forbrukarane og industrien, i stor grad styrer prissettinga.
Prisen på alternativ til potet har òg betydning. Som erstatning har forbrukarane ei rekkje alternativ å velje mellom, som ris, pasta, andre rotfrukter mv. Ved bruk av råvarer av potet i næringsmiddelindustrien vil omsynet til avsetning av ferdigvara gi rammer for råvarekostnadane.
Potet har òg målpris, som er ein makspris som blir sett i jordbruksavtala. I dette ligg òg eit omsyn til forbrukerprisar. Ved overskriding av målprisen vil tollsatsen kunne setjast ned for å leggje til rette for import.
Omlegginga av tollsystemet vil ikkje nødvendigvis ha stor betydning for produksjon og prisar på kort sikt. Det er eit grep som på sikt vil styrkje økonomien i potetdyrkinga ved å gi rom for prisauke, men då innanfor dei rammene marknaden sett framover. Det vil kunne føre til auka inntekt for norske bønder, i tråd med regjeringa sin landbrukspolitikk.