Skriftlig spørsmål fra Helge André Njåstad (FrP) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:591 (2023-2024)
Innlevert: 03.12.2023
Sendt: 04.12.2023
Besvart: 11.12.2023 av kommunal- og distriktsminister Erling Sande

Helge André Njåstad (FrP)

Spørsmål

Helge André Njåstad (FrP): Er statsråden samd i at den lave oppslutningen ved fylkestingsval gjenspeglar dette nivået sin legitimitet i befolkningen?

Begrunnelse

Det har vært noen eksempler på fylkestingsval utan kommuneval dei siste 20 åra med svært lav valdeltaking. Sist med 33,7 % i Moss i omvalet i år. Og 31,5 % i Nittedal i 2003 sidan kommunevalet var gjort unna som forsøk tidlegare. Oppslutningen i fylkestingvala er høgare når dei blir halden samtidig som kommuneval. Dette kan bety at legitimiteten til mellomnivået er lavt. FrP meiner Norge kan klare seg med to nivå - kommuner og stat.

Erling Sande (Sp)

Svar

Erling Sande: Fylkeskommunen har ei sentral rolle både som samfunnsutviklar og tenesteytar. For å styrke fylkeskommunen som ein legitim regional aktør, er det viktig at fylkeskommunen tar omsyn til befolkninga sine interesser. Regjeringa har lagt til rette for dette ved å sikre at fylka Østfold, Akershus, Buskerud, Vestfold, Telemark, Troms og Finnmark blir eigne fylke frå 1. januar 2024.
Deltakinga ved fylkestingsvalet i 2023 var 57,3 prosent, noko som er om lag 5 prosentpoeng lågare enn ved kommunestyrevalet. Deltakinga ved fylkestingsvalet har vore relativ stabil dei siste tjue åra, med ei deltaking på mellom 55,6 og 60,5 prosent. Skilnaden mellom deltakinga ved fylkestingsvalet og ved kommunestyrevalet har òg vore stabil på mellom 3-5 prosentpoeng dei siste tjue åra.
Når det gjeld eksempla representanten viser til, meiner eg det er naturleg med høgare valdeltaking når heile landet legg til rette for valgjennomføring på same tid, og med stor merksemd rundt valet i alle mediekanalar.
Det blei gjennomført eit omval i Moss kommune fordi det ordinære valet blei kjend ugyldig av Kommunal- og distriktsdepartementet. Valet blei gjennomført på ein god og ryddig måte av kommunen, som klarte å leggje til rette for eit nytt val på svært kort tid. Departementet sørga for ei tilpassing av reglane i vallova og valforskrifta som sikra at alle veljarar frå Moss som ønskte det, kunne få stemt, anten dei bur utanlands, i ein annan kommune enn Moss eller oppheldt seg på ein institusjon. Desse faktorane gir etter mi meining omvalet høg legitimitet.