Skriftlig spørsmål fra Erlend Wiborg (FrP) til barne- og familieministeren

Dokument nr. 15:584 (2023-2024)
Innlevert: 01.12.2023
Sendt: 04.12.2023
Besvart: 11.12.2023 av barne- og familieminister Kjersti Toppe

Erlend Wiborg (FrP)

Spørsmål

Erlend Wiborg (FrP): Synes barne- og familieministeren det er ansvarlig å ta med små barn til et område der Norge gjennom UD sine offisielle reiseråd "fraråder alle reiser til" og vil statsråden forsikre seg om at barnevernet foretar undersøkelser med henblikk på barnets beste når øvrige offentlige instanser får informasjon om at noen familier ikke har fulgt reiserådene og utsatt barna for risiko for liv og helse?

Begrunnelse

Den senere tid har vi blitt gjort kjent med at flere foreldre har tatt med barn og også babyer inn til land og områder som Norge har hatt klare reiseråd som har frarådet enhver reise til. Dette kan utsette barna for stor fare og jeg ønsker derfor statsrådens refleksjoner rundt dette og også høre hva hun har tenkt til å foreta seg for å sikre barnas beste.

Kjersti Toppe (Sp)

Svar

Kjersti Toppe: Utanriksdepartementets reiseråd er eit tydeleg signal om korleis norske styresmakter vurderer tryggingssituasjonen. I land eller område der Utanriksdepartementet har utskrive reiseråd kan det vere vanskeleg å gje konsulær bistand til norske borgarar. Det er samtidig berre eit råd, ikkje eit forbod eller ein restriksjon.
Det følger av barnelova (bl) § 30 at barnet har krav på omsut og omtanke frå dei som har foreldreansvaret. Dei som har foreldreansvaret, er ansvarlege for å gje barnet forsvarleg oppseding og forsyting. Foreldreansvaret skal utøvast ut frå barnet sine interesser og behov, og barnet må ikkje bli utsett for vald eller på anna vis bli handsama slik at den fysiske eller psykiske helsa blir utsett for skade eller fare.
Det følgjer av bl. § 41 første ledd at den som har sams foreldreansvar kan ta med eller sende barnet på stuttare utanlandsferder. Det er ikkje krav om at den andre forelderen samtykkjer til ei slik ferd. Dersom barnet er i stand til å danne seg eigne synspunkt, skal foreldra derimot høyre kva barnet har å seie før dei tek avgjerd om personlege forhold for barnet. Dei skal leggje vekt på det barnet meiner alt etter kor gammalt og modent barnet er.
Retten kan i orskurd setje forbod mot utanlandsferd for barnet, dersom det er uvisst om barnet vil kome attende, jf. bl. § 41 første ledd. Også politiet kan leggje ned førebels utreiseforbod fram til saka kan handsamast av retten, jf. tredje ledd.
Den av foreldra som ikkje har foreldreansvaret, kan ikkje reise ut av landet med barnet utan samtykkje frå den som har foreldreansvaret, jf. fjerde ledd. Retten kan likevel etter krav frå den som vil reise, gje samtykkje til utanlandsferd med barnet når det er openbert at barnet vil kome attende. Det følgjer av bl. § 41 femte ledd at barn som er fylt 12 år, må samtykkje i ei avgjerd om å dra på utanlandsferd utan ein forelder med foreldreansvar.
Barnevernstenesta skal sikre at barn som lever under forhold som kan skade helsa og utviklinga deira, får nødvendig hjelp, omsorg og vern til rett tid, jf. barnevernslova (bvl.) § 1-1. For at barnevernstenesta skal kunne gje barn rett hjelp til rett tid, er den avhengig av informasjon frå andre, det kan vere barnet sjølv, andre privatpersonar eller offentlege styresmakter. Barnevernstenesta skal vurdere om ei bekymringsmelding skal følgjast opp med ei undersøking og om meldinga krev omgåande oppfølging, jf. bvl. § 2-1.
Det er laga tverrsektorielle retningslinjer om barn som er etterlate i utlandet. I retningslinjene er det mellom anna framheva at offentlege instansar som skule, barnehage, helseteneste, politi og barnevernstenesta må samarbeide aktivt for å hindre utreise også viss det er mistanke om at foreldre eller andre omsorgspersonar ikkje vil vere i stand til eller vil la vere å vareta omsorga for barnet. Viss det er mistanke om at ei utanlandsreise gjer at livet, helsa eller fridommen til barnet er trua, er det framheva i retningslinjene at det er viktig å sende bekymringsmelding til barnevernstenesta og/eller politi.
Eg legg til grunn at dersom barnevernstenesta mottek ei melding frå ei anna offentleg instans med bekymring for at eit barn kan bli utsett for risiko for liv og helse ved å reise utanlands, vil barnevernstenesta opprette ei undersøkingssak. Det er framheva i retningslinjene at situasjonen bør kartleggjast raskt. Barnevernstenesta bør gjera ei heilskapleg vurdering av om det er risiko knytt til reisa til barnet, og om det er grunnlag for tiltak etter barnevernslova. Barnevernstenesta kan tilby foreldre hjelpetiltak i form av råd og rettleiing dersom barnet på grunn av sin omsorgssituasjon har behov for særleg hjelp, jf. bvl. § 3-1 og kan også vurdera om vilkåra for eit akuttiltak er til stades, jf. bvl. § 4-2 eller om det eventuelt er grunnlag for å fremje sak om omsorgsovertaking, jf. bvl. § 5-1.
Når barnet allereie er i utlandet, skal barnevernstenesta framleis gå gjennom bekymringsmeldingar og opne undersøkingssak dersom vilkåra for dette er oppfylt etter bvl. § 2-2, såframt barnet framleis har vanleg bustad i Noreg jf. bvl. § 1-2 tredje ledd. Eit samarbeid med foreldra kan vere avgjerande for å få barnet heim, og barnevernstenesta kan difor tilby foreldre som er i Noreg hjelpetiltak i form av råd, rettleiing eller annan bistand. Barnevernstenesta har kompetanse til å fremje sak for barneverns- og helsenemnda om omsorgsovertaking, sjølv om barnet oppheld seg i eit anna land, så lenge barnet framleis har vanleg bustad i Noreg. Barnevernstenesta kan derimot ikkje fatte akuttvedtak for barn som oppheld seg i utlandet, jf. bvl § 1-2 tredje ledd.