Skriftlig spørsmål fra Sveinung Rotevatn (V) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:561 (2023-2024)
Innlevert: 29.11.2023
Sendt: 30.11.2023
Besvart: 06.12.2023 av kommunal- og distriktsminister Erling Sande

Sveinung Rotevatn (V)

Spørsmål

Sveinung Rotevatn (V): Kva kriterium vart brukt i vurderinga av lokalisering for den nye etaten for eksportkontroll, og korleis vart dei ulike kandidatane vurdert etter desse kriteria?

Begrunnelse

Regjeringa har nyleg bestemt at den nye etaten for eksportkontroll skal lokaliserast til Oslo-regionen (Fornebu), og ikkje i Sandefjord eller Bergen som vart vurdert som alternativ. Det ville vore nyttig om det vart gjort greie for kommunal- og distriktsdepartementet si rolle i denne prosessen, kva kriterium om vart brukt i vurderinga og korleis dei ulike lokaliseringane som var på bordet vart vurdert.

Erling Sande (Sp)

Svar

Erling Sande: Regjeringa meiner at statlege arbeidsplassar bør vere spreidde geografisk og kome heile landet til gode. Det er, i tråd med retningslinjene for lokalisering av statlege arbeidsplassar og statleg tenesteproduksjon, det einskilde fagdepartement som har ansvar for at retningslinjene blir følgde i lokaliseringssaker. Dersom fagdepartementet foreslår å etablere eller flytte statlege verksemder til Oslo, sentrale kommunar i Oslo-området eller andre av dei største byane, som i denne saka, skal fagdepartementet si vurdering og tilråding leggjast fram for regjeringa. Det er Utanriksdepartementet som har vurdert lokaliseringa av den nye etaten for arbeidet med eksportkontroll og sanksjonar. Kommunal- og distriktsdepartementet si rolle i slike saker er å rettleie fagdepartementa i tråd med retningslinjene.
Kvar einskild sak skal vurderast for seg, og det skal vurderast tre ulike lokaliseringsalternativ, der omsynet til lokaliseringspolitiske og sektorpolitiske mål blir sett i samanheng. Kravet i retningslinjene er også at eitt alternativ i sentralitet 3-6 skal bli vurdert.
I tillegg legg retningslinjene mellom anna vekt på at følgjande omsyn skal vurderast:

• vilkår for lokalisering (som krav til nærleik til tenesta, kompetansekrav til dei som skal utføre arbeidsoppgåvene og krav til infrastruktur, nærleik til andre typar fagmiljø, offentlege styresmakter m.m.)
• vurdering av lokaliseringspolitiske omsyn
• kostnadseffektivitet og effektiv oppgåveløysing
• konsekvensane for arbeidsmarknadar og eventuelle avbøtande tiltak.

Dei ulike omsyna skal vegast mot kvarandre.