Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:419 (2023-2024)
Innlevert: 13.11.2023
Sendt: 13.11.2023
Besvart: 20.11.2023 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Ingrid Fiskaa (SV)

Spørsmål

Ingrid Fiskaa (SV): Rutetilbodet på Jærbanen er planlagt redusert frå 10. desember.
Kva er kunnskapsgrunnlaget for å nekta passasjerar å ta regiontoget mellom Bryne og Stavanger?

Begrunnelse

Go-Ahead og Bane Nor har nyleg annonsert ny ruteplan som skal gjelda frå 10. desember. Dei annonserte endringane er færre lokaltog, lengre planlagt reisetid på fleire avgangar og ein ny regel der reisande mellom Bryne, Sandnes, Jåttåvågen og Stavanger ikkje lenger kan ta regiontoget til og frå arbeid. Endringane vil i sum innebera ein kraftig reduksjon av togtilbodet for pendlarar på strekninga mellom Bryne og Stavanger.
Bane Nor grunngir endringane med at meir trafikk på jernbanen har ført til fleire forseinkingar og innstilte avgangar, og at reduksjonen i tilbodet skal gi meir punktlege tog. Forklaringa på auken i forseinkingar er vel snarare eit stort etterslep på vedlikehald, manglande prioritering av jernbanen samanlikna med motorvegbygging, og oppsplittinga av jernbanesektoren i ei rad ulike selskap som gjer samarbeid vanskelegare. Manglande vedlikehald på toga gjer at mange tog køyrer med redusert kapasitet.
Men dersom ein skal ta Bane Nor si grunngiving på alvor, er det ikkje opplagt at å hindra passasjerar i å ta regiontoget vil ha den ønska effekten. Regiontoga stoppar på dei same stasjonane uansett, og tida det tar for erfarne pendlarar å gå av og på samanlikna med langvegsfarande med mykje bagasje, er truleg minimal. Derimot vil det å pressa fleire passasjerar inn på færre lokaltog kunna føra til fleire forseinkingar.
Bane Nor og Go-Ahead har så langt ikkje lagt fram forsking eller undersøkingar som kan underbygga påstanden om at det å nekta passasjerar på nokre få stasjonar å bruka regiontoget vil føra til meir punktlege tog. I staden for å skulda på passasjerane for at toga ikkje går på tida, bør ressursane brukast på å rusta opp tog og jernbane.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Eksisterande lokaltogstilbod frå Bryne til Stavanger i morgonrush er to avgangar pr. time med tilnærma stive ruter i tidsrommet kl. 05:30 – 09:00, supplert med ein ekstra rushtidsavgang. Om ettermiddagen frå Stavanger til Bryne er det også to tog pr. time i tidsrommet kl. 14:00-18:00. Jernbanedirektoratet, som er kjøpar av togtenestene, opplyser at det frå 10. desember blir marginale endringar i lokaltogstilbodet mellom Bryne og Stavanger. Antall avgangar blir uendra og den ekstra rushtidsavgangen i morgonrush har ein noko seinare avgang frå Bryne. Køyretida for lokaltoga er 32 minutt frå Bryne til Stavanger med lokaltog og reisetida for lokaltogskundar blir uendra frå 10. desember.
Det blir vidare vist til at regiontoga ikkje lengre kan ta med lokale reisande frå Bryne, Sandnes og Jåttåvågen. Eg føreset at stortingsrepresentanten viser til fjerntoga mellom Stavanger og Oslo. I dagens ruteplan er det ikkje mogleg å nytte fjerntoga for lokale reiser mellom Sandnes, Jåttåvågen og Stavanger, og dette blir vidareført frå 10. desember. Reisande på denne strekninga har lokaltog kvart 15. minutt og med reisetid på høvesvis 17 og 8 minutt. Dagens gode rutetilbod blir vidareført for pendlarar i Sandnes og Jåttåvågen.
Mellom Bryne og Stavanger er det i dagens ruteplan mogleg å nytte fjerntoga som eit supplement til lokaltogstilbodet. Jernbanedirektoratet opplyser at dette frå 10. desember blir endra, og fjerntoga kan ikkje lenger nyttast til lokale reiser mellom Bryne og Stavanger. Hovedårsaka til dette er at ruteplanen på Jærbanen er sårbar for forseinkingar, og særskilt gjeld dette på strekninga Nærbø-Sandnes med enkeltspor. Jærbanen er særleg sårbar for føljeforseinkingar dersom stasjonsopphald blir lengre enn det som er satt av i ruteplanen. Bane NOR har erfart at både av- og påstigning ved Bryne for fjerntog tek lengre tid enn normert stasjonsopphald og det er ein viktig årsak til at dei reisande opplev dårleg leveransekvalitet på Jærbanen. Det gjer no Bane NOR og Jernbanedirektoratet noko med.
Det går to tog pr. time mellom Bryne og Stavanger og reisetida er 32 minutt. Det er heller ikkje vanleg praksis rundt andre storbyar at fjerntoga er tilgjengeleg for korte lokale reiser, eksempelvis kan reisande mellom Drammen/Asker og Oslo ikkje nytte fjerntoga på Sørlandsbanen og Bergensbanen. Eg vonar at dei endringar som Bane NOR og Jernbanedirektoratet no gjer, vil bidra til at dei reisande på Jærbanen får eit meir punktleg togtilbod, og vil følgje opp Jernbanedirektoratet og Bane NOR sin evaluering av om tiltaka har ynskja effekt. Eg vil òg vurdere korleis fylkeskommunane kan involverast betre når det er naudsynt å gjere endringar i rutemodellen av omsyn til kapasiteten i nettet.