Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:370 (2023-2024)
Innlevert: 09.11.2023
Sendt: 09.11.2023
Besvart: 20.11.2023 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren svare på om dei så kalla "gratis ferjesambanda" er fullfinansiert frå staten, og om fylkeskommunane har lovmessig heimel til å eventuelt innføre krav om betaling igjen på desse sambanda og om dette i så fall ville ført til kutt i dei fylkeskommunale rammeoverføringane frå staten?

Begrunnelse

Regjeringa innførte gratisferjer for samband til ein del øysamfunn dette året.
No kjem det opp ei problemstilling frå fylkeskommunane om at tiltaket med gratisferjer ikkje er fullfinansiert frå staten sin side, og at fylkeskommunar vurderar å innføre betaling igjen på desse sambanda då finansieringa ikkje er på plass.
Ein stortingsrepresentant frå SP frå Møre og Romsdal hevdar at dersom ein innfører betaling igjen på desse såkalla "gratisferjene" ville dette vere i strid med vedtak i Stortinget og føre til kutt i rammeoverføringane til fylka.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Ei målsetting i Hurdalsplattforma er gratis ferje til øyer og andre samfunn utan vegforbindelse til fastlandet og å gjere alle ferjesamband med under 100 000 passasjerar årleg gratis, samt å redusere billettprisane med 50 prosent samanlikna med billettprisane 1. januar 2021. Det har vi no lagt til rette for. Staten har kompensert fylkeskommunane gjennom auka overføringar over rammetilskotet.
Ordninga med gratis ferjer vart introdusert i Prop. 115 S (2021–2022) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2022. I 2022 og 2023 er midlane gitt med ei særskilt fordeling over rammetilskotet til fylkeskommunane, basert på tapte inntekter i den enkelte fylkeskommune ved å innføre ordninga. Inntektstapet er altså utgangspunktet for kompensasjonen. Bevillinga som blir gitt tek utgangspunkt i inntektstal frå 2019 som var det siste «normalåret» før koronapandemien. Ordninga for gratis ferjer vart utvida i statsbudsjettet for 2023. I statsbudsjettet for 2024 foreslår regjeringa å setje av midlar til heilårseffekten av ordninga.
Fordelinga av midlar for gratis ferjer vert gjort annleis for året 2024 enn tidlegare. For året 2024 har Stortinget, gjennom behandlinga av kommuneproposisjonen for 2024, gitt tilslutning til at midlane skal fordelast gjennom kostnadsnøkkelen for fylkesvegferjer i rammetilskotet til fylkeskommunane. Samtidig vart kostnadsnøkkelen justert for å ta omsyn til inntektsbortfallet fra reduserte takstar og gratis ferjer.
Kompensasjonen blir fordelt gjennom rammetilskotet til fylkeskommunane, som er ein del av fylkeskommunane sine frie inntekter. Staten kan ikkje krevje rapportering på bruken av midlane. Det er fylkeskommunane som har ansvaret for fylkesvegferjene og ansvaret for finansieringa av ferjedrifta. Den enkelte fylkeskommune må sjølv ut frå lokale forhold vurdere om dei vil redusere takstane på ferjesambanda på fylkesveg, jf. s. 62 i Prop. 115 S (2021–2022). Det vil derfor ikkje vere i strid med Stortingets vedtak å ta betaling på eit ferjesamband som i dag er gratis.
Regjeringa har lagt til rette for gratis ferjer gjennom økte rammer til fylkeskommunane. Det er opp til fylkeskommunane å vurdere ut frå lokale forhold om det skal innførast i det einskilde samband. Viss hovudintensjonen med ordninga ikkje blir følgt opp vil det vere aktuelt å vurdere finansieringsforma.