Skriftlig spørsmål fra Birgit Oline Kjerstad (SV) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:203 (2023-2024)
Innlevert: 20.10.2023
Sendt: 23.10.2023
Besvart: 30.10.2023 av kommunal- og distriktsminister Erling Sande

Birgit Oline Kjerstad (SV)

Spørsmål

Birgit Oline Kjerstad (SV): E 24 melder 20. oktober om at det er full krise i sekundærboligmarkedet, at det er fare for at utleigeprisane går kraftig i veret og at rekninga for uroa i boligmarkedet er i ferd med å bli sendt til leigetakarane i form av kraftig leigeprisvekst.
Kva vil regjeringa gjere for å handtere denne markedssvikten, slik at vi får nok utleigeboliger og trygge leigeforhold for dei mange leigetakarane, familier, studenter og andre som allereie slit med dyrtida?

Begrunnelse

SIFO undersøkinga, Dyrtid 4 "Det er ikke over ennå" som kom i september, synte at det har vore eit vesentleg fall i økonomisk tryggleik hjå hushaldningane siste to åra, og at det går verst ut over dei som har minst. Mange i gruppa som slit mest i dyrtida er også dei same som ikkje har råd til å kjøpe sin eigen bustad men leiger bustad. Rapporten peikar på at mange sparer på alt dei kan spare på for å få endane til å møtast. Både straum, sosial aktivitet, mat og til og med nødvendige legebesøkvert kutta ut. Barn her berre ein oppvekst og denne utviklinga er svært urovekkande, då det kan påverke både helse, sosial deltaking og tryggleik. for familiane og borna. Presset er ikkje jamt fordelt i hushaldningane. Dyrtida går verst ut over dei som har minst fordi det er dei som brukar størst del av inntekta til mat og nødvendige bokostnader. Seks av ti leigetakarar, heile 61 % av dei som leiger bustad, har spart på mat for å få kvardagen til å gå i hop. Det er på det med å kutte i matutgiftene forskjellen mellom dei som leiger og dei som eig sin eigen bustad er størst, melder SIFO. Medan trykket har letna litt for dei hushaldningane som eig bustaden sjølve, er det inga betring for dei som leiger bustad i fylgje SIFO rapporten. I gruppa av hushald som leiger bustad, har det heller vore ein auke i problemet med å få økonomien til å gå rundt siste halve året. Det er på denne bakgrunnen at er pressemeldinga frå E24 20 oktober om at utleigebustadane vert selde, og at huseigarane vurderer å sett sette husleiga kraftig opp er så alvorleg. At bustadane blir selde kan bety mindre tryggleik for leigetakarane. Kanskje må folk flytte fordi dei ikkje har råd til husleigeauken, eller fordi bustaden vert selt til nye eigarar. Færre utleigebustader samtidig som det kjem mange Ukrainske flyktningar forverrer problemet. Denne marknadssvikten kan få alvorlege konsekvensar for familiar og personar med vedvarande låge inntekter i høve til boutgiftene, dersom det ikkje raskt vert teke grep for å møte problema.

Erling Sande (Sp)

Svar

Erling Sande: Regjeringa sitt mål er at alle skal oppleve det å leige bustad som trygt og føreseieleg. Eg er òg oppteken av dei utfordringane vi har med å skaffe fleire utleigebustader. Dette er spesielt aktuelt i forbindelse med at krigen i Ukraina har gitt kollektiv beskyttelse til mange fordrivne personer som treng ein utleigebustad.
Husbanken er ein viktig aktør i dette arbeidet. I statsbudsjettet for 2024 foreslår regjeringa å vidareføre låneramma til Husbanken frå 2023 på 24 milliardar kroner. Dette er eit høgt nivå, og under vår regjering har låneramma blitt auka med til saman 5 milliardar kroner. Med den høge låneramma kan Husbanken gje lån til kommunar og utbyggjarar til å skaffe fleire utleigebustader. Det betyr òg at fleire husstandar kan få startlån til å skaffe seg ein eigd bustad. I 2023 er det vidare mogleg å få tilskot for å sette i stand utleigebustader som kan gjerest tilgjengelege for flyktningar med ein forholdsvis enkel istandsetting.
Vi arbeider no på ulike vis med å skaffe fleire utleigebustader. Det er for det fyrste boligdugnaden.no. Formålet med dugnaden er å ta i bruk fleire eksisterande bueiningar for utleige. Gjennom denne dugnaden har regjeringa gjort det enklare for enkeltpersonar å finne ut korleis ein går fram for å leige ut bustader. Regjeringa har og lagt betre til rette for utleige av mellom anna fritidsbustadar, gjennom midlertidige endringar i plan- og bygningslova og husleigelova.
For det andre har me danna eit nettverk kalla «Leigeløftet». Det er eit nettverk for aktørane på leigemarknaden, som skal vere ein møteplass for å utveksle erfaringar og utvikle små og store tiltak som kan bidra til å få fleire og betre utleigebustadar tilgjengeleg i marknaden.
Den situasjonen vi har no med høg prisstigning rammer vanskelegstilte på bustadmarknaden særleg hardt. Eg er òg oppteken av dei auka utgiftene som mange låginntektshusstander har no. Husstandar med låg inntekt og høge buutgifter kan få bustøtte. Eit særskilt tiltak innanfor bustøtteordninga, er regjeringas forslag i statsbudsjettet for 2024 om å vidareføre det midlertidige regelverket for bustøtte og ekstraordinære bustøtteutbetalingar som følge av
høge straumprisar. Heilt konkret foreslår vi å vidareføre det midlertidige regelverket i bustøtteordninga som gjer at fleire enn vanleg mottar støtte. Vi foreslår å gi ekstra utbetalingar til straumutgifter på 1 000 kroner, med et tillegg på 150 kroner per ekstra husstandsmedlem. Begge tiltaka gjeld for perioden januar til mars neste år. Dette er viktige tiltak for å hjelpe ei sårbar gruppe i ein krevjande tid.
Husleigelova gjev leigetakar vern mot urimeleg auke i leiga. Før sommaren blei det sett ned eit utval som skal vurdere endringar i husleigelova. Utvalet skal gå gjennom lova og mellom anna vurdere, og foreslå, endringar som styrker leigarar sine rettar, sikrar grunnleggjande butryggleik og som gjer at lova er tilpassa situasjonen i leigemarknaden. Utvalet skal levere ein delrapport innan 31. januar 2024 og ein sluttrapport innan 15. oktober 2024. Eg håpar at utvalet vil kome med gode forslag til løysingar på nokre av utfordringane med dagens lov.
For tida arbeider regjeringa med ei melding til Stortinget om ein heilskapleg bustadpolitikk, der leigemarknaden blir eit av fleire viktige tema. Vi tar sikte på å leggje fram meldinga våren 2024.