Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til næringsministeren

Dokument nr. 15:57 (2023-2024)
Innlevert: 08.10.2023
Sendt: 09.10.2023
Besvart: 17.10.2023 av næringsminister Jan Christian Vestre

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): Næringsministeren seier til E24 at det er «..lite som tyder på at det norske skattesystemet er i ferd med å kvele oppstartsbedriftene», og at det ikkje er aktuelt å endre på skatte- og avgiftspolitikken for oppstartsbedrifter og vekstselskap.
Meiner Næringsministeren på ramme alvor at dette er i tråd med innspela han får frå oppstartsbedrifter og startup-miljø, og at det er mulig å nå målet om kraftig vekst i talet raskt veksande startup-bedrifter (einhjørningar) utan å legge betre til rette for det gjennom skattesystemet?

Jan Christian Vestre (A)

Svar

Jan Christian Vestre: Næringsdrivande i Noreg, medrekna også gründerar, har overordna gode rammevilkår. Tilgang til kapital, høgt kvalifisert arbeidskraft, naturressursar, internasjonale marknader, velfungerande infrastruktur, gode offentlege tenester og høg grad av tillit er fordelar som gir gode føresetnader for at norske bedrifter lukkast. Innretninga av skattesystemet, solide offentlege finansar, sterke institusjonar og lave administrative byrdar bidrar også til dette. Det vil alltid vere ting som kan justerast og bli betre, og regjeringa jobbar kontinuerleg med dette, men det er heilskapen som avgjer om Noreg er eit attraktivt land å drive næringsverksemd i - ikkje enkeltelementa.
Skal vi lykkast med ei berekraftig omstilling av næringslivet, er nyskapande bedrifter avgjerande. Målet vårt er at oppstartsverksemder skal overleve over tid og vekse seg store, raskt. Vi må få fleire «einhjørningar» i Noreg. Desse selskapa kan bidra med nye, smarte måtar å løyse ting på, som er særleg viktig i det grøne og digitale skiftet, og for verdiskaping og velferd. Eg har fått mange innspel frå gründerar som har peika på tilgang til meir kapital. Derfor styrkjer vi nå Innovasjon Noreg og har øyremerka midlane til gründersatsinga. I ei krevjande tid med store krav til prioriteringar mellom føremål har regjeringa lagt frem ei gründerpakke på 220 millionar kroner i statsbudsjettet. Av dette går 70 millionar til ei styrking av Innovasjon Norges ordning for etablerarar og vekstselskap. I tillegg foreslår regjeringa å setje av 150 millionar kroner til investeringar i tidligfase-verksemder gjennom Investinor. Vi har også varsla ei styrking av Nysnø i nysalderinga av budsjettet for 2023. Det vil også bidra til eit enda større løft for gründerar.
Regjeringa vil at flest mogleg skal lykkast. Det handlar ikkje berre om kapital, men òg om å samle kunnskap og gjere bruken av verkemiddelapparatet enklast mogleg. Eg har difor satt i gang fleire initiativ, mellom anna løysinga Ein veg inn som samlar informasjon og rettleiing om dei ulike aktørane i verkemiddelapparatet, og er eit viktig grep for større brukarvennlegheit og forenkling. Starte og drive ei bedrift i regi av Brønnøysundregistera (Altinn) har fleire gode tiltak som gjer det enklare for oppstartsbedrifter. Løysinga skal forenkle gjennom å sjå stega den næringsdrivande må gjennom, i samanheng og gi betre oversikt ved etablering av næringsverksemd.
Regjeringas forenklingsarbeid er særs viktig for oppstartsverksemder. Innan 2025 er målet å redusere næringslivet sine kostnadar til pålagde reglar og innrapporteringar med 11 milliardar kroner. Slike kostnadsreduksjonar kan skje ved lov- og forskriftsendringar eller ved å gjere det enklare for næringslivet å oppfylle gjeldande reglar, for eksempel med digitale rapporteringsløysingar. Digital selskapsetablering er ein del av Starte og drive bedrift og blir snart lansert. Det er eit døme på tiltak som legg til rette for at etableringsprosessen skal bli smidigare og enklare. Heile prosessen frå stifting, oppretting av bankkonto, stadfesting av aksjekapital og til registrering kan no samordnast i ei digital brukarflate. Før tok det opp mot 30 dagar å etablere eit AS og få organisasjonsnummer, og ein måtte ha kontakt med mange ulike instansar.
Desse tiltaka er utvikla i dialog med oppstartsbedrifter og gründerar, fleire i offentleg-privat samarbeid. Sjølvsagd vil det vere nokon som i tillegg peikar på element i skattesystemet som kan legge betre til rette for dei. Det er ansvaret vårt som politikarar å vege desse ønska opp imot andre omsyn som ligg til grunn for innretninga av skattesystemet. Samfunnsoppgåvene som må løysast, er store og krevjande, inkludert omstillinga mot eit grønt og berekraftig lågutsleppssamfunn der ulikskapen ikkje er for stor. Eg meiner ikkje at dagens skattesystem fører til at oppstartsbedrifter blir kvelte. Tvert imot er både formuesskatten for aksjeformuar og selskapsskatten lågare enn då vi sat i regjering sist. Opsjonsskatten for oppstartsselskap har òg blitt vesentleg lempa i mellomtida. Det var attraktivt å investere og starte opp i Noreg den gongen, og det er det framleis. Like fullt er forslag til forbetringar alltid velkomne, og vi lyttar til alle innspel som måtte kome.