Skriftlig spørsmål fra Bengt Rune Strifeldt (FrP) til landbruks- og matministeren

Dokument nr. 15:21 (2023-2024)
Innlevert: 03.10.2023
Sendt: 04.10.2023
Besvart: 11.10.2023 av landbruks- og matminister Geir Pollestad

Bengt Rune Strifeldt (FrP)

Spørsmål

Bengt Rune Strifeldt (FrP): Kan statsråden garantere at en videreføring av klimaavtalen med EU på skog (LULUCF) ikke vil medføre begrensninger på skogbruket, og gi en nærmere begrunnelse for hvorfor han ser ut til å ha en annen oppfatning av LULUCFs innvirkning på skogsdrift enn det som for eksempel Sverige har?

Begrunnelse

Det vises til mitt tidligere skriftlige spørsmål til statsråden (besvart 08.09.2023). Her skriver statsråden at:

«EU-regelverket legg ikkje føringar for det einskilde landet sin bruk av verkemiddel overfor skog- og arealbrukssektoren, eller eventuelle aktivitetar som påverkar utslepp og opptak i sektoren... Regjeringa har ingen intensjonar om å styre hogstnivået i Noreg, og vi har heller ingen politikk for å gripe inn i omsettinga av tømmer.»

Jeg leser også statsråden svar slik at EUs klimaregelverk vil øke etterspørselen etter produkter fra skogen, som gir muligheter for mer hogst.
Disse signalene ser ut til å stå i motstrid med hva næringen selv frykter, hva regjeringens EØS-notat om LULUCF (fra 2021) konkluderer med, og Sveriges holdning. Den svenske regjeringen konkluderte med at den nye LULUCF-forordningen innebærer «alltför långtgående begränsninger av svenskt skogsbruk», jf. pressemelding fra Landsbygds- och infrastrukturdepartementet publisert 23. mars 2023. Sverige avsto dermed fra å støtte LULUCF-forordningen da den ble stemt over i EU tidligere i år. Det bes derfor om at statsråden begrunner nærmere sitt standpunkt om hvorfor han mener at LULUCF ikke vil begrense hogstnivået i Norge.

Geir Pollestad (Sp)

Svar

Geir Pollestad: I klimastatus og plan som følgjer som vedlegg til budsjettproposisjonen til Klima- og miljødepartementet, skriv regjeringa følgjande:
«For perioden 2021–2025 ligg Noreg etter usikre berekningar an til eit utsleppsgap samanlikna med netto-null-forpliktinga på om lag 34 mill. tonn for perioden 2021–2025. Anslått gap blir redusert til om lag 16 mill. tonn om vi får tilgang på ein kostnadsfri kompensasjonsmekanisme som regelverket opnar for om EU samla sett når målet om «netto null». Det anslåtte gapet på 34/16 mill. tonn vart kjend hausten 2022. Gapet er i ein storleik som svarer til 14 pst. dvs., 7 pst. av dei norske klimagassutsleppa i 2021. For å auke opptaket i skog og redusere utslepp frå nedbygging og anna arealbruksendringar legg regjeringa no fram forsterka politikk og verkemiddel. Denne politikken vil jamvel først og fremst påverke opptak og utslepp på lengre sikt enn 2021–2025. Det finst få tiltak som gjev effekt innan 2025. Vi kjem difor til å få eit stort underskot samanlikna med netto-null-forpliktinga for perioden 2021–2025. Ei mogleg løysing er å kjøpe kvotar frå andre land for å oppfylle forpliktinga.
For perioden 2026–2030 har EU vedteke eit nytt skog- og arealbruksregelverk (sjå kap. 2). Om Noreg i det nye regelverket får berekna mål og budsjett for perioden på same måten som EU-landa, kan Noreg etter svært usikre berekningar få eit overskot på om lag 11 mill. tonn CO₂-ekvivalentar i denne perioden. Det er mogleg å overføre 0,8 mill. tonn frå skog- og arealbrukspilaren til innsatsfordelingsforordninga i andre periode. Heile overskotet kan seljast.
Noreg har soleis ei utfordring med eit berekna utslepp for skog- og arealsektoren for inneverande femårsperiode, men med bakgrunn i EU sitt regelverk for berekning av forpliktinga for perioden 2026-2030, så kjem Noreg betre ut. For Sverige er det motsett, dei vil få større utfordringar med det nye regelverket som vil gjelde frå 2026.
Eg er samd med representanten Strifeldt om at regelverket gir uheldige insentiv, i og med at redusert hogst vil slå positivt ut i form av lågare bokførte utslepp i klimagassrekneskapen for skog- og arealsektoren. Eg har inntrykk av at det var mellom anna dette Sverige ville uttrykke sin misnøye med ved å avstå i å gi si tilslutning til LULUCF-forordninga.
Regjeringa har ingen planer om å føre ein politikk som grip inn i marknaden for omsetting av tømmer. Det er skogbrukslova som regulerer skogbruket, og skogbrukslova gir ingen heimel for å regulere volumet omsett tømmer med bakgrunn i klimamål. Tømmermarknaden blir, og skal også framover bli, styrd av tilbod og etterspurnad.