Skriftlig spørsmål fra Olve Grotle (H) til fiskeri- og havministeren

Dokument nr. 15:3266 (2022-2023)
Innlevert: 27.09.2023
Sendt: 28.09.2023
Besvart: 05.10.2023 av fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran

Olve Grotle (H)

Spørsmål

Olve Grotle (H): Kan statsråden seie noko om kva vurderingar som blir gjort vedkomande Olaskjeret, kva evt. konsekvensar grunnstøytinga den 25. september 2023 vil ha så seie for desse vurderingane, og kva tiltak statsråden ser for seg må gjerast for å fjerne/hindre risikoen for fleire ulykker og grunnstøytingar?

Begrunnelse

Måndag, den 25. september gjekk fraktebåten «Falkbris» på grunn ved Olaskjeret i Frøysjøen. Dette er ikkje den første ulykka i området. Så seint som desember 2014 gjekk skipet Falkland på grunn her, og i 1989 gjekk ekspressbåten «Marine Ekspress» på grunn same stad med tap av liv som resultat.
I sitt svar på prioriteringsoppdraget i arbeidet med Nasjonal transportplan 2025-2036, har Kystverket på side 93 under overskrifta Investeringstiltak: Florø – Frøysjøen, omtalt Olaskjeret slik:

«Vest for Botnane må fartøy med stor dypgang gå vest for Olaskjeret. For transitt-trafikken vil dette bli en omvei og føre til økt distanse. Det er behov for å redusere risikoen for grunnstøtinger og kollisjoner i denne delen av farleden. Ved å øke dybden og bredden samt forbedre navigasjonsmerkingen, vil man ikke lenger ha de samme utfordringene navigatørene opplever i dag. Ved at flere fartøy kan gå hovedleden øst for Olaskjeret, vil man få færre kryssende fartøy tett opp mot en farledssving nord for Olaskjeret der hovedleden og bileden møtes.
Tiltakspakken Florø - Frøysjøen består av utdyping ved Tekneskjerflu, Drågjaskjerflua og Olaskjeret samt etablering av 11 nye navigasjonsinnretninger langs farleden.»

Bjørnar Skjæran (A)

Svar

Bjørnar Skjæran: Eg er kjend med grunnstøytinga som fann stad ved Olaskjeret i Frøysjøen, nord for Florø. Som representanten Grotle viser til i spørsmålet, kan slike grunnstøytingar føra til alvorlege ulykker og hendingar med fare for liv og omfattande miljøskadar. Det er derfor svært viktig for denne regjeringa å hindra at slike ulykker skjer, og leggja til rette for sikker ferdsel langs Norskekysten. Hurdalsplattformen har tiltak innan kyst, hamn og farlei som eit viktig satsingsområde, noko regjeringa har følgt opp gjennom dei årlege budsjettprosessane.
Det aktuelle området er godt kjent for Kystverket, og tiltakspakken Florø- Frøysjøen er i dag på Kystverkets liste over planlagde mindre tiltak i farvatnet. I Meld. St. 20 (2020-2021) Nasjonal transportplan 2022-2033 vart det innført eit system med porteføljestyring. Dette inneber mellom anna at etatane ser større strekningar i samanheng for å redusera kostnader i gjennomføringa av prosjekta. Dette kan føra til endringar i rangering av tiltak og tidspunkt for oppstart. I samband med kommande Nasjonal transportplan 2025-2036 har Kystverket oppdatert fleire av utgreiingane sine, medrekna tiltakspakken Florø- Frøysjøen. Som representanten viste til i spørsmålet, omtaler Kystverket behovet for å redusera risikoen for grunnstøytingar og kollisjonar i farvassområdet i sitt prioriteringsinnspel. Området er dermed på lista til Kystverket over kystområde kvar det er behov for tiltak.
Transportetatanes forslag til prioriteringar har vore ute på brei høyring. Det har komme inn over 250 høyringssvar som me no er godt i gang med å gjennomgå. I oktober/november skal eg og kollegaen min, samferdselsminister Jon- Ivar Nygard, reisa rundt i landet for å høyra kva kommunar, fylkeskommunar og representantar frå næringslivet og andre organisasjonar meiner er dei største utfordringane for transportsektoren. I diskusjonane framover vil eg leggja stor vekt på dei innspela me får gjennom denne breie høyringsprosessen, i tillegg til det faglege innspelet frå etatane. Det er derfor for tidleg å seia noko om korleis prioriteringane til slutt vil sjå ut.
Grunnstøytinga viser behovet for å jobba med sjøtryggleik langs fleire dimensjonar. Krevjande topografi og ein vêrhard kyst gir lite rom for menneskelege feil. Kystverket og Sjøfartsdirektoratet jobbar tett saman for å leggja til rette for sikker ferdsel langs Noregs kyst, og denne regjeringa har gjort fleire grep for å sikre at Kystverket og Sjøfartsdirektoratet er godt rusta til å gjennomføra dei riktige tiltaka. Regjeringa har mellom anna gjennom dei årlege budsjetta gitt Kystverket økonomiske rammer til å utbetre farleier, vedlikehalde navigasjonsinnretningar, halda oppe og vidareutvikla lostenester og sjøtrafikksentralane. Regjeringa har også etablert ein nullvisjon om ingen omkomne eller hardt skadde på fartøy og innretningar, underlagt Sjøfartsdirektoratets forvaltings- og tilsynsansvar. Direktoratet er i gang med å utarbeide en handlingsplan i tett samarbeid med andre offentlege og private aktørar. Kystverket vil i den samanhengen hjelpe inn i arbeidet.
Avslutningsvis vil eg seia at sjølv om transportsektoren står overfor store utfordringar, som illustrert av stormen Hans, og strammare økonomiske rammar, vil eg som fiskeri- og havminister alltid jobba for å styrkja tryggleiken til sjøfolk, noko som vil speglast i den kommande Nasjonal transportplan for perioden 2025-2036.