Skriftlig spørsmål fra Marit Knutsdatter Strand (Sp) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:3217 (2022-2023)
Innlevert: 22.09.2023
Sendt: 22.09.2023
Besvart: 28.09.2023 av kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik

Marit Knutsdatter Strand (Sp)

Spørsmål

Marit Knutsdatter Strand (Sp): Kommuner vil med fordel heller gjøre mindre endringer i vedtatte kommuneplaner framfor å endre hele planen med full planprosess eller gi dispensasjon fra gjeldende kommuneplan, i enkelte tilfeller.
Kan statsråden gi klarhet i hva «mindre endringer» eller mindre konsekvenser av endringer er ment i PBL §§ 11-7 og 12-4?

Begrunnelse

En avklaring rundt dette vil bidra til bedre kommunal forvaltning.

Sigbjørn Gjelsvik (Sp)

Svar

Sigbjørn Gjelsvik: Som lokal planmyndigheit har kommunane stor grad av fridom til å bestemme areal-politikken. Planlegging må derfor vere eit fleksibelt styringsverktøy for kommunane, noko som også inneber at arealplanar må kunne endrast.
Det er plan- og bygningslova § 11-17 og § 12-14 som gir kommunane grunnlag for å endre vedtekne arealplanar. Hovudregelen er at ei planendring må skje på same måte som vedtaking av arealplanen. Dette inneber at dei same reglar om høyring og fristar og liknande, også gjeld for endring av planen.
For arealdelen i kommuneplanen og reguleringsplanar er det likevel gjort unnatak frå hovudregelen om ordinær planbehandling for endringar som er vurdert å vere mindre inngripande, jf. § 11-17 andre ledd og § 12-14 andre ledd.
I arealdelen i kommuneplanen kan ei mindre endring gjerast gjennom enklare saks-handsaming, og vedtaksmyndet kan delegerast. Med "mindre endringer" blir det sikta til justeringar av arealdelen i kommuneplanen som det er behov for å gjere mellom større planrevisjonar. Eksempel som er nemnde i forarbeida til lova er arrondering av formåls-grenser, justering av linjeføringar for infrastrukturanlegg eller endring av utbyggingsformål. I forarbeida er det også lagt til grunn at endringa "ikke må komme i strid med nasjonale eller viktige regionale hensyn som ellers ville medført innsigelse mot planen", jf. Ot.prp. nr 32 (2007-2008) side 227.
Når det gjeld endring av reguleringsplanar, kan forenkla behandling skje når "endringene i liten grad vil påvirke gjennomføringen av planen for øvrig, ikke går utover hovedrammene i planen, og heller ikke berører hensynet til viktige natur- og friluftsområder", jf. § 12-14 andre ledd. Moglegheita til å vedta endringar av reguleringsplanar etter ein forenkla prosess blei utvida i 2017, og den tidlegare formuleringa "mindre endringer" er tatt ut av føresegna. I dag er utgangspunkt for vurderinga, om endringa "må betraktes som i vesentlig grad omstridt eller konfliktfylt", jf. Prop 149 L (2015-2016) side 46. Aktuelle eksempel der § 12-14 andre ledd kan brukast er justering av grenser og arealformål, og endring av arealformål, jf. forarbeida side 76. Føremålet med lovendringa i 2017 var å redusere omfanget av ressurs-krevjande dispensasjonsbehandling til fordel for ei meir føreseieleg og langsiktig arealavklaring gjennom plan. Føresegna legg opp til at kommunen skal utøve eit planfagleg skjøn om endringar som kan gjennomførast etter dei enklare reglane om sakshandsaming.
Som det framkjem ovanfor har kommunane gjennom plan- og bygningslova § 11-17 andre ledd og § 12-14 andre ledd betydeleg handlingsrom til å gjere endringar i planar. Eg stoler på at kommunane gjer gode avgjerder på dette området. På nettsida planlegging.no. har departementet lagt ut rettleiing om planlegging etter plan- og bygningslova som hjelpemiddel for kommunane.