Skriftlig spørsmål fra Bengt Rune Strifeldt (FrP) til landbruks- og matministeren

Dokument nr. 15:3058 (2022-2023)
Innlevert: 31.08.2023
Sendt: 01.09.2023
Besvart: 08.09.2023 av landbruks- og matminister Geir Pollestad

Bengt Rune Strifeldt (FrP)

Spørsmål

Bengt Rune Strifeldt (FrP): Hvordan mener statsråden at det strammere EU-regelverket og skjerpede målsettingene i LULUCF kan virke inn på norsk skogbruk, og hvordan vil statsråden jobbe for å ivareta norske skoginteresser i klimasamarbeidet med EU?

Begrunnelse

Det vises til sak i Nationen onsdag 30. august om EU-avtalen om skog og arealbruk, forkortet til LULUCF. I EUs klimapakke «Fit for 55» strammer EU inn regelverket og skjerper målene i LULUCF. Dette kan gjøre det vanskeligere å drive hogst. Mindre tilgang på biomasse kan gi reduserte muligheter for utslippskutt i andre sektorer. Det vil påvirke skognæringen negativt, og gjøre det krevende å realisere et grønt skifte i norsk industri.
Ifølge Nationen er det uaktuelt for regjeringen å ta ut klimasamarbeidet med EU på skogområdet.

Geir Pollestad (Sp)

Svar

Geir Pollestad: Noreg er i ferd med å starte ein dialog med EU om dei norske vilkåra for eventuell vidareføring av klimaavtalen med EU på skog- og arealområdet. Her vil Noreg òg diskutere med EU korleis Noreg kan oppfylle forpliktinga for første periode. Vi kjenner ikkje no kva resultatet av denne dialogen blir.
EU-regelverket legg ikkje føringar for det einskilde landet sin bruk av verkemiddel overfor skog- og arealbrukssektoren, eller eventuelle aktivitetar som påverkar utslepp og opptak i sektoren. Hogsten blir styra av etterspurnaden og prisane i den internasjonale tømmermarknaden. Regjeringa har ingen intensjonar om å styre hogstnivået i Noreg, og vi har heller ingen politikk for å gripe inn i omsettinga av tømmer.
Eit strammare EU-regelverk på klimaområdet, vil gi auka etterspurnad etter fornybar energi og byggeråstoff både i Noreg og i EU-landa. Det vil auke etterspurnaden etter produkt frå skogen. Regjeringa er oppteken av å bruke norske bioressursar som ein del av klimapolitikken, slik det mellom anna går fram av vegkart for grønt industriløft. Klimameldinga som blir lagt fram neste år, vil innehalde ein plan for bruk av norske bioressursar.