Skriftlig spørsmål fra Mudassar Kapur (H) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:3009 (2022-2023)
Innlevert: 25.08.2023
Sendt: 28.08.2023
Besvart: 06.09.2023 av kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik

Mudassar Kapur (H)

Spørsmål

Mudassar Kapur (H): På bakgrunn av høringssvarene tillater jeg meg å spørre hvilke vurderinger statsråden har gjort seg så langt om nevnte forslag til endringer, sett opp mot kommunenes selvråderett og det lokale selvstyret?

Begrunnelse

Jeg viser til følgende informasjon på departementets hjemmeside:

«Kommunal- og distriktsdepartementet sender med dette på høring forslag til endringer i lov 15. juni 2001 nr. 70 om fastsetjing og endring av kommune- og fylkesgrenser (inndelingslova). Departementet foreslår en hjemmel for departementet til å gjennomføre innbyggerhøringer, herunder folkeavstemning, i saker etter inndelingslova når departementet tar initiativ til å utrede en grenseendring.»

Høringsfristen var 3.6.23. Det har kommet inn mange høringssvar innen fristen, og de fleste kommunene og KS er negative til det regjeringen har sendt ut på høring.

Sigbjørn Gjelsvik (Sp)

Svar

Sigbjørn Gjelsvik: Kommunal- og distriktsdepartementet har i perioden 3. mars til 3. juni hatt på høyring eit lovforslag om å endre inndelingslova § 10, slik at departementet får ein eksplisitt heimel til å gjennomføre innbyggjarhøyringar i saker etter inndelingslova. Som det går fram av høyringsnotatet, har det vore omdiskutert om departementet treng ein slik heimel for å gjennomføre innbyggjarhøyring, eller om staten allereie har ein slik kompetanse. For å unngå tvil, er det foreslått ein generell heimel for departementet til å gjennomføre
innbyggjarhøyringar i saker der departementet tek initiativ til å utgreie ei grenseendring. Den føreslåtte føresegna vil berre gjelde i saker der departementet sjølv har tatt initiativ til å greie ut ei sak om grenseendring, og ikkje der eit slikt initiativ kjem frå kommunen eller andre med initiativrett.
Departementet har i høyringsperioden fått totalt 97 høyringssvar. Dei fleste høyringssvara er frå kommunar og fylkeskommunar. Resten av svara i høyringa er frå ulike organisasjonar (for eksempel KS), men òg frå statlege organ, interkommunale samarbeid og privatpersonar.
Uttalane frå kommunane peiker i ulike retningar og fordeler seg i stort i tre grupper. Ei rekke kommunar har støtta KS sin uttale, som legg til grunn at departementet allereie etter gjeldande rett har nødvendig heimel til å gjennomføre innbyggjarhøyring i saker der departementet nyttar initiativretten sin. Andre kommunar argumenterer aktivt mot at departementet skal få ein slik heimel. Dernest er det ei rekke kommunar som støttar framlegget frå regjeringa og som mellom anna har peikt på at med ein slik heimel kan departementet få opplyst saker betre, at endringa er nødvendig for å sikre eit reelt lokaldemokrati og at den er særleg viktig for at mindre lokalsamfunn i ein kommune skal få høve til å bli høyrde.
Eg viser til at det i høyringsnotatet er presisert at forslaget ikkje gir kommunane nye oppgåver eller plikter. Forslaget inneber inga avgrensing eller endring av myndet kommunane har etter gjeldande inndelingslov § 10. Endringa gir heller ikkje departementet heimel til å påleggje kommunane å gjennomføre ei innbyggjarhøyring. Formålet med forslaget er å gi eit verktøy til staten i saker om grenseendring etter inndelingslova, slik at ei sak blir godt opplyst når departementet tek initiativ til å utgreie ei grenseendring. I slike tilfelle kan departementet ha behov for å få opplyst kva innbyggjarane meiner om spørsmålet om endring. Synet til innbyggjarane vil kunne gje viktig informasjon og vere eit moment i vurderinga av om ei grenseendring skal gjennomførast eller ikkje. Forslaget vil også gi betre samanheng i regelverket, samsvare godt med at det overordna ansvaret for utgreiinga av enkeltsaker etter inndelingslova ligg til departementet og med plikta til utgreiing og informasjon etter forvaltningslova § 17.
Departementet jobbar no med å følgje opp høyringa, og regjeringa tek sikte på å fremje ein lovproposisjonen for Stortinget hausten 2023.