Skriftlig spørsmål fra Olve Grotle (H) til justis- og beredskapsministeren

Dokument nr. 15:2939 (2022-2023)
Innlevert: 21.08.2023
Sendt: 21.08.2023
Besvart: 24.08.2023 av justis- og beredskapsminister Emilie Mehl

Olve Grotle (H)

Spørsmål

Olve Grotle (H): Tal frå politiet.no viser at det har blitt 24 færre politiårsverk i Vest politidistrikt frå juli 2022 til juli 2023.
Kan justisministeren opplyse kva tenestestader i Vest politidistrikt som har fått ein reduksjon i politiårsverk det siste året?

Begrunnelse

Ifølge politiets oppdateringer på politiet.no var det i Vest politidistrikt per. 31.07.2022 totalt 989,1 politiårsverk. Per 31.07.2023 var det 965,1 politiårsverk. Dette tilsvarar 24 færre årsverk sidan juli 2022.

Emilie Mehl (Sp)

Svar

Emilie Mehl: Eg vil streke under at regjeringa prioriterer politiet. Då vi kom i regjering var noko av det første vi gjorde å styrkje politiet med 200 mill. kroner i budsjettet for 2022 utover framlegget frå den tidlegare regjeringa. I budsjettet for i år prioriterer vi å bruke ressursar på betre lokale polititenester og beredskap, og mindre på m.a. sentral administrasjon og konsulentar. I tillegg har regjeringa nettopp fått gjennomført den største prioriteringa av politiet i eit revidert nasjonalt budsjett vi kjenner til, med ein auke på 550 mill. kroner. Auken vil bidra til at politiet kan ha eit høgt bemannings- og aktivitetsnivå, også i Vest politidistrikt, noko som også kan verke inn på dei tala representanten viser til frametter.
Eg tillèt meg å minne om at partiet til representanten, Høgre, i det alternative statsbudsjettet sitt for 2023 foreslo å kutte i politibudsjettet med om lag 379 mill. kroner, eit kutt som også ville gått ut over Vest politidistrikt og tenestestadene der.
Eg kan ikkje gi ut tal for kvar enkelt tenestestad i Vest politidistrikt. Desse tala er underlagt teieplikt etter offentleglova § 13 første ledd, jf. politiregisterlova § 23 anna ledd.
Generelt kan eg opplyse at følgjande tenestestader i Vest politidistrikt har fått reduksjon i politiårsverk i perioden juli 2022 til juli 2023: Bergen lufthamn Flesland politistasjon, Bergen Sør-Vest politistasjon, Bjørnafjorden politistasjon, Florø politistasjon, Gloppen politistasjon, Hardanger politistasjon, Høyanger politistasjon, Kvam politistasjon, Lærdal politistasjon, Nordhordland politistasjon, Stad politistasjon, Voss politistasjon og Øygarden politistasjon.
I perioden 31.07.21 til 31.07.21 har talet på årsverk i politiet auka med 543. Hovudbiletet er altså ein auke i årsverk sidan regjeringsskiftet, men det kan vere lokale variasjonar ut frå m.a. dei prioriteringane politimeisteren gjer i distriktet sitt.