Skriftlig spørsmål fra Helge Orten (H) til justis- og beredskapsministeren

Dokument nr. 15:2937 (2022-2023)
Innlevert: 21.08.2023
Sendt: 21.08.2023
Besvart: 24.08.2023 av justis- og beredskapsminister Emilie Mehl

Helge Orten (H)

Spørsmål

Helge Orten (H): Tall fra politiet.no viser at det har blitt 43,4 færre politiårsverk i Møre og Romsdal politidistrikt fra juli 2022 til juli 2023.
Kan justisministeren opplyse hvilke tjenestesteder i Møre og Romsdal politidistrikt som har fått en reduksjon i politiårsverk det siste året?

Begrunnelse

Ifølge politiets oppdateringer på politiet.no var det i Møre og Romsdal politidistrikt per. 31.07.2022 totalt 490,9 politiårsverk. Per 31.07.2023 var det 447,5 politiårsverk. Dette tilsvarer rundt 43 færre årsverk siden juli 2022.

Emilie Mehl (Sp)

Svar

Emilie Mehl: Eg vil streke under at denne regjeringa prioriterer politiet. Då vi kom i regjering var noko av det første vi gjorde å styrkje politet med 200 mill. kroner i budsjettet for 2022 utover framlegget frå den tidlegare regjeringa. I budsjettet for i år prioriterer vi å bruke ressursar på betre lokale polititenester og beredskap, og mindre på m.a. sentral administrasjon og konsulentar. I tillegg har regjeringa nettopp fått gjennomført den største prioriteringa av politiet i eit revidert nasjonalt budsjett vi kjenner til, med ein auke på 550 mill. kroner. Auken vil bidra til at politiet kan ha eit høgt bemannings- og aktivitetsnivå, også i Møre og Romsdal politidistrikt, noko som også kan verke inn på dei tala representanten viser til frametter.
Eg tillèt meg å minne om at partiet til representanten, Høgre, i det alternative statsbudsjettet sitt for 2023 foreslo å kutte i politibudsjettet med om lag 379 mill. kroner, eit kutt som også ville gått ut over Møre og Romsdal politidistrikt og tenestestadene der.
Eg kan ikkje gi ut tal for kvar enkelt tenestestad i Møre og Romsdal politidistrikt. Desse tala er underlagt teieplikt etter offentleglova § 13 første ledd, jf. politiregisterlova § 23 anna ledd.
Generelt kan eg opplyse at følgjande tenestestader i Møre og Romsdal politidistrikt har fått reduksjon i politiårsverk i perioden juli 2022 til juli 2023: Aure politistasjon, Haram politistasjon, Hustadvika politistasjon, Kristiansund politistasjon, Molde politistasjon, Surnadal politistasjon, Tingvoll politistasjon, Ulstein og Hareid politistasjon, Vanylven politistasjon, Vestnes politistasjon, Volda og Ørsta politistasjon og Ålesund politistasjon.
I perioden 31.07.21 til 31.07.21 har talet på årsverk i politiet auka med 543. Hovudbiletet er altså ein auke i årsverk sidan regjeringsskiftet, men det kan vere lokale variasjonar ut frå m.a. dei prioriteringane politimeisteren gjer i distriktet sitt.