Skriftlig spørsmål fra Olve Grotle (H) til justis- og beredskapsministeren

Dokument nr. 15:2933 (2022-2023)
Innlevert: 21.08.2023
Sendt: 21.08.2023
Besvart: 25.08.2023 av justis- og beredskapsminister Emilie Mehl

Olve Grotle (H)

Spørsmål

Olve Grotle (H): Kan statsråden kome med statistikk for kor mange årsverk som jobbar i politiet i Sogn og Fjordane si geografiske driftsening i juni 2023 samanlikna med juni 2021 og juni 2022?

Begrunnelse

NRK skriv måndag 07. august at det i juni 2023 er 170 færre politiårsverk i distrikta samanlikna med juni 2021. Politiet sin eigen bemanningsstatistikk viser berre oversikt over heile Vest politidistrikt. Derfor ber eg statsråden vise fram bemanningsstatistikk for den eigne geografiske driftseininga, Sogn og Fjordane.

Emilie Mehl (Sp)

Svar

Emilie Mehl: Eg kan opplyse om at driftseininga Sogn og Fjordane i Vest politidistrikt i juni 2021, juni 2022 og juni 2023 hadde til saman høvesvis 163, 162 og 161 årsverk. Dette er berre årsverk knytt til Sogn og Fjordane driftseining.
Samla tal på årsverk med arbeidsplass på ein tenestestad i Sogn og Fjordane, inkludert driftseininga, i juni 2021, juni 2022 og juni 2023 var til saman høvesvis 192, 194 og 203.