Liv Kari Eskeland (H): Enkelte visumsøknader til arbeidsinnvandrere til stillingar det er vanskeleg å finne arbeidstakarar til internt i Noreg eller EU tek svært lang tid. Opp til 8 mnd., og då har truleg arbeidstakaren funne seg anna jobb i mellomtida. Departementet jobbar med moglege forenklingar i regelverket for å effektivisere sakshandsaming og få eit meir digitaliseringsvenleg regelverk når det gjeld UDI og Politidirektoratet sin saksflyt for handsaming av søknader.
Når vil slike effektiviseringar bli effektuert?
Begrunnelse
Viser til sak i Stortinget 21.02.23
https://www.stortinget.no/no/Saker-og-publikasjoner/Publikasjoner/Referater/Stortinget/2022-2023/refs-202223-02-21?m=4. Her viser statsråden til at det vert jobba med regelverket.
Vi får gjentekne meldingar om at sakshandsamingstida er rekna å vera maks 4 mnd., men at dette gjentekne gongar vert overskride. Vi merker oss også at statsråden si målsetting er at det ikkje skal ta meir enn 30 dagar, eit mål som synes å vera langt borte sett i lys av det vi reelt opplever. Også på tidlegare spørsmål har statsråden sagt at det er forventa betring utan at så har skjedd. For næringslivet vert det difor mykje bortkasta arbeid når sakshandsaminga går så seint, det same gjeld for direktoratet, ettersom kandidatane ikkje er reelle når svar endeleg ligg føre.