Erling Sande (Sp): I Prop. 118 S (2022–2023) Tilleggsløyvingar og omprioriteringar i statsbudsjettet 2023, vert det informert om at Bane NOR SF har varsla Jernbanedirektoratet om at det vil vere nødvendig å auke kostnadsramma for prosjektet Sandbukta–Moss–Sjåstad, og at ferdigstilling vil bli ytterlegare utsatt.
Kva er grunnen til at det blir ytterligare kostnadsauke og forseinkingar i prosjektet og kva vert gjort for å halde risiko og kostnadane nede?
Begrunnelse
Jernbaneprosjektet Sandbukta – Moss – Sjåstad er ein del av Intercity satsinga. Prosjektet si kostnadsramme vart etter forslag frå Solbergregjeringa auka med heile 70 % i samband med Stortinget si handsaming av Prop. 193 S (2020-2021). I 2023 kroner er kostnadsramma etter dette 19 203 mrd. kroner. BaneNor varslar no at kostnadsramma må aukast ytterlegare og at ferdigstilling av prosjektet vil bli ytterlegare utsett.