Skriftlig spørsmål fra Birgit Oline Kjerstad (SV) til arbeids- og inkluderingsministeren

Dokument nr. 15:2341 (2022-2023)
Innlevert: 25.05.2023
Sendt: 26.05.2023
Besvart: 06.06.2023 av arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen

Birgit Oline Kjerstad (SV)

Spørsmål

Birgit Oline Kjerstad (SV): Kirkens Bymisjon har sett søkeljos på eit viktig tema med rapporten "I count" ved å påpeike at mange arbeidsinnvandrar frå EU ikkje mottek velferdstenester.
Korleis vil arbeids- og inkluderingsministeren sørge for at desse menneska inkluderast i velferdssystemet?

Begrunnelse

Ifølgje Kirkens Bymisjon har me ei relativt stor gruppe arbeidande fattige EU-immigrantar i Noreg. Dette er arbeidsfolk med låg lønn, ustabilitet og dårlege arbeidsforhold. Dei arbeider ifølgje organisasjonen i bemanningsbyrå og leigast ut på oppdrag, har ulike kortvarige arbeidsforhold med midlertidige eller tilkallingsbasera kontrakter, eller tek oppdrag som sjølvstendig næringsdrivande. Gruppa er særleg utsett for arbeidslivskriminalitet og sosial dumping. Gruppa omfatter både arbeidsinnvandrere som har vært kort tid i Norge og er i ein etableringsfase, personer som arbeider i Noreg i periodar og arbeidsinnvandrarar med meir varig opphold. Ein del har også falt ut av arbeidslivet etter å ha blitt sjuke eller uføre, eller på grunn av rusproblem.
Som Kirkens Bymisjon påpeiker i sin rapport så er ein stor del av denne gruppa bustadlause, andre er innkvartert av arbeidsgjevar under særdeles dårlege forhald. Sidan velferdstenester i Noreg i stor grad er knytt til bustad fell store delar av denne gruppa fattige arbeidande EU-immigrantar utanfor velferdssystemet. Ein del arbeidsinnvandrarar har slik avgrensa velferdsrettar og andre har store vanskar med å få tilgang til rettane dei faktisk har. Sjuke får ikkje den helsehjelpa dei treng og foreldre får ikkje barnehageplass.

Marte Mjøs Persen (A)

Svar

Marte Mjøs Persen: Eg er oppteken av at vi i Noreg overheld dei internasjonale pliktene våre og at alle som oppheld seg i landet får den hjelpa dei har krav på etter desse pliktene. Derfor set eg pris på initiativet frå Kirkens Bymisjon om å kartleggje blant anna bustadlause arbeidsinnvandrarar frå EØS i Oslo, samanstille relevant regelverk, politikk og praksis og foreslå endringar som Kirkens Bymisjon meiner er nødvendige for å dekkje denne gruppa sine heilt grunnleggande behov.
Noreg er gjennom EØS-avtalen ein del av ein felles europeisk arbeidsmarknad som sikrar fri rørsle av arbeidskraft. EØS-borgarar kan kome til Noreg for å arbeide, utan å måtte søkje om opphaldsløyve. Arbeidsinnvandrarar tilfører den norske arbeidsmarknaden viktig kompetanse og hjelper til å dekkje arbeidskraftsbehovet i fleire sektorar.
Den norske samfunnsmodellen byggjer på at vi har eit trygt, seriøst og organisert arbeidsliv. Norske lønns- og arbeidsvilkår skal gjelde for alle som er i landet for å jobbe. Det er nødvendig dersom vi skal lukkast med å førebyggje og kjempe imot kriminalitet i arbeidslivet. Sømmelege lønns- og arbeidsvilkår sikrar også arbeidstakarane trygde- og pensjonsrettar frå folketrygda. Regjeringa har teke ei rekkje initiativ for å styrkje rettane til arbeidstakarane i arbeidslivet, redusere bruken av andre tilknytingsformer enn fast tilsetjing og styrke det organiserte arbeidslivet. Tryggje arbeidstakarar i heile og faste stillingar gir det beste vernet mot utnytting.
EØS-borgarar og familiemedlemene deira har i utgangspunktet rett på dei same sosiale tenestene i Noreg som norske borgarar, så lenge opphaldet deira er lovleg etter EØS-retten. Etter EØS-regelverket er det likevel unnatak frå denne hovudregelen, som inneber at nokre EØS-borgarar har lovleg opphald, men utan rett på dei same sosiale tenestene. Dette gjeld dei som har hatt opphald under tre månader og dei som har kome til Noreg for å søkje jobb. Arbeidssøkjande har rett til å opphalde seg i Noreg i seks månader, og må deretter anten ha fått jobb eller opphald på eit anna grunnlag for å ha lovleg opphald vidare i Noreg. Grunngivinga for at dei som har hatt kortvarige opphald og arbeidssøkjarar ikkje har desse rettane, er at dei ikkje skal bli ei urimeleg byrde på velferdsstaten. EØS-borgarar som er arbeidstakarar eller sjølvstendig næringsdrivande har rett på dei same sosiale tenestene som norske borgarar frå starten av opphaldet sitt i Noreg.
Dei sosiale tenestene i NAV-kontoret er ei nedre sikring i velferdsordningane. Ansvaret omfattar både førebyggjande sosialt arbeid og dei individuelle tenestene opplysing, råd og rettleiing, økonomisk stønad, mellombels butilbod, individuell plan og kvalifiseringsprogram.
Sosialtenestelova sine føresegner om tenester gjeld i utgangspunktet for alle som oppheld seg i landet. Med heimel i lova er det likevel gitt forskrift som innskrenkar rettane for utanlandske statsborgarar. Av forskrifta følgjer det at fulle rettar etter lova føreset at utanlandske statsborgarar både har lovleg opphald og «bopel» i Noreg. Det følgjer av forskrifta at kravet om «bopel» ikkje gjeld dersom anna følgjer av avtale Noreg har inngått med heimlandet til vedkomande, eller av multilaterale avtaler, som EØS-avtalen. Departementet har nylig bedt Arbeids- og velferdsdirektoratet redegjøre for sin praksis av bopelskravet for EØS-borgarar, i lys av dette.
I den graden retten til individuelle sosiale tenester, som mellombels butilbod, er innskrenka, vil kommunen ha ei hjelpeplikt overfor personar i ein nødssituasjon, også utover den lov- og forskriftsregulerte plikta til å yte hjelp. Pliktene til Noreg etter internasjonale konvensjonar gjeld for alle som oppheld seg i landet.
Departementet arbeider for tida med utlysing av eit oppdrag for å innhente ytterlegare vurderingar av sosialtenesteområdet sett opp mot menneskerettane. Målet er at ei slik utgreiing skal opplyse og utdjupe kva plikter norske styresmakter har etter dei internasjonale konvensjonane Noreg er bunde av på området, og at departementet får eit betre grunnlag for å fastslå innhaldet i desse pliktene.
Alle som oppheld seg i Noreg, har rett til «strakshjelp» frå den kommunale helse- og omsorgstenesta og frå spesialisthelsetenesta. EØS-borgarar som er omfatta av ei trygdeordning i eit anna EØS-land og som tek arbeid i Noreg, blir som hovudregel pliktige medlemer i folketrygda. Dei har fulle rettar til nødvendig helsehjelp frå kommunen og spesialisthelsetenesta, forutsett at dei har lovleg opphald her. Dei skal betale same eigendelar for helsehjelpa som personar som er busette i Noreg.
Den einskilde kommunen har plikt til å dimensjonere allmennlegetenesta slik at det er kapasitet til å gi eit tilbod til alle personar som oppheld seg i kommunen. Dette gjeld også personar som ikkje har rett til å stå på liste hos fastlege. Det er opp til kommunen å velje den organiseringa som er formålstenleg, for eksempel ved bruk av legevakt.
Eg viser til at helse- og omsorgsministeren tidlegare har signalisert behov for ein gjennomgang for å sikre at rettane til helsehjelp til personar utan fast opphald i Noreg blir praktisert etter intensjonen. Helse- og omsorgsdepartementet har starta arbeidet med ein slik gjennomgang, og har blant anna hatt møte med Kirkens Bymisjon og Røde Kors for å få innspel til korleis ein slik gjennomgang bør innrettast og gjennomførast.
Rapporten frå Kirkens Bymisjon er heilt nyleg lagd fram. Departementet vil lese den med interesse, og vurdere tilrådingane i samarbeid med andre rørte departement.