Hadia Tajik (A): Kva gjer Klima- og miljødepartementet for å sikre at ferrolegeringsindustrien i Norge vert behandla likt som i resten av Europa når det gjeld tildeling av CO₂-kvotar?
Begrunnelse
Ferrolegeringsindustrien er omfatta av EU sitt kvotehandelssystem, EU ETS. Dette systemet har fleire fasar, fase 3 gjekk frå 2013-2020, medan fase 4 strekk seg frå 2021-2030. Ferrolegeringsindustrien er stor i Norge men ein relativt liten bransje i europeisk samanheng. Bransjen får kvotar tildelt basert på eigne historiske utslepp, korrigert med ulike faktorar i spesielle matematiske formlar.