Nils T. Bjørke (Sp): Korleis har Justis- og beredskapsdepartementet følgt opp EOS-utvalet si rapportering om auka sakshandsamingstid i klareringssaker hos NSM, og kva styringssignal har departementet gjeve NSM på området?
Begrunnelse
I Innst. 432 S (2021-2022) til EOS-utvalet si årsmelding for 2021 delte kontroll- og konstitusjonskomiteen EOS-utvalet si bekymring om at sakshandsamingstida i klareringssaker hos NSM på nesten alle områder har gått opp i 2021 samanlikna med 2020. Komiteen føresette i innstillinga at NSM tok grep for å redusera sakshandsamingstida. I EOS-utvalet si årsmelding for 2022 - Dokument 7:1 (2022-2023) kjem det fram at sakshandsamingstida både i klareringssaker og i klagesaker i andreinstansen hos NSM har gått opp frå 2021 til 2022. Utvalet si vurdering er at det er ei urovekkjande utvikling. Utvalet har uttalt dette i brev av 3. februar 2023 til Justis- og beredskapsdepartementet.