Alfred Jens Bjørlo (V): Kan statsråden garantere at forbodet mot innleige på byggeplassar i Osloregionen og dei generelle innstrammingane for innleige av arbeidskraft vil bli avvikla umiddelbart dersom ESA konkluderer med at innleigereglane ikkje er foreinlege med EØS-retten og vikarbyrådirektivet?
Begrunnelse
EFTA sitt overvakingsorgan ESA har, på eige initiativ, oppretta sak for å undersøke om dei nye innleigereglane strir mot EØS-avtalen og vikarbyrådirektivet.
ESA har stilt regjeringa 15 spørsmål, blant anna kva som gjer innleigesituasjonen i Noreg så spesiell at ein kan rettferdiggjere eit totalforbod når bruken av midlertidig arbeidskraft i landet er lågare enn gjennomsnittet i EU og OECD. Arbeids- og inkluderingsdepartementet skal svare på spørsmåla frå ESA innan 5. mai.