Skriftlig spørsmål fra Olve Grotle (H) til fiskeri- og havministeren

Dokument nr. 15:1717 (2022-2023)
Innlevert: 17.03.2023
Sendt: 17.03.2023
Besvart: 24.03.2023 av fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran

Olve Grotle (H)

Spørsmål

Olve Grotle (H): Vi merker nå ei stor bekymring hos folk langs kysten som følgje av at årets fangstkvote på vågekval enno ikkje er fastsett, og det knappe to veker før fangstsesongen startar.
Kan statsråden seie noko om kor tid vi kan vente at årets kvote blir fastsett?

Begrunnelse

Hvalfangsten i Norge er strengt regulert, og baserer seg på bærekraftig og bevaringsorientert forvaltning. Norsk hvalfangst bidrar til sunn og kortreist mat, og utgjør en viktig del av livsgrunnlaget langs norskekysten. Næringen er av stor betydning for mange familier og lokalsamfunn, og fangsten langs norskekysten har en lang historie som kan spores tilbake til 800-tallet. Fangstsesongen begynner normalt 1. april og varer til ut september hvert år. Fangstkvoten beregnes ut fra modeller utarbeidet av Den internasjonale hvalfangstkommisjonen. Så langt i 2023 er årets fangstkvote ennå ikke fastsatt, og Fiskeridirektoratet har en høring om regulering av fangst med frist 24. mars. Dette skaper uforutsigbarhet for fartøyene som skal delta. Fjorårets kvote ble fastsatt 20. februar 2023, i god tid før fangstsesongen begynte.

Bjørnar Skjæran (A)

Svar

Bjørnar Skjæran: Fangstkvoten på vågekval for 2023 vart fastsett 20. mars 2023 og er på 1 000 dyr. Det er ei auke på 83 dyr frå i fjor, som skuldast overføring av kvote som ikkje var utnytta i 2022. Eg er klar over at vågekvalfangsten normalt startar 1. april, og at det frå næringa si side er venta at det vert lagt til rette for at det kan skje også i 2023.
Fangststart, utnytting av totalkvote og inspektør/observatør vert mellom anna regulert i den årlege reguleringsforskrifta. Fangststart har i ei årrekkje vore fastsett til 1. april. Det er difor avgjerande at reguleringsforskrifta vert fastsett før fangststart.
Fiskeridirektoratet gjennomfører i desse dagar ei høyring av den årlege reguleringsforskrifta (forskrift om regulering av fangst av vågekval i 2023), med frist for innspel 24. mars. Fiskeridirektoratet foreslår at tidlegare års regulering av vågekvalfangsten i hovudsak blir vidareført til i år. Totalkvoten vert endra frå år til år, derfor vert ikkje reguleringsforskrifta sendt på høyring før den er fastsett. Dei siste åra har tidspunktet for kvotefastsetjinga ført til at høyringsfristen er blitt korta ned. Norges Småkvalfangerlag er orientert om endringar i høyringa og den forkorta fristen. Reguleringsforskrifta var fastsett høvesvis 31. mars i 2021 og 30. mars 2022. Planen er å ha reguleringane klare i tide til at også fangsten i år kan byrje 1. april.