Skriftlig spørsmål fra Ane Breivik (V) til olje- og energiministeren

Dokument nr. 15:1709 (2022-2023)
Innlevert: 16.03.2023
Sendt: 17.03.2023
Rette vedkommende: Næringsministeren
Besvart: 27.03.2023 av næringsminister Jan Christian Vestre

Ane Breivik (V)

Spørsmål

Ane Breivik (V): Hva vil statsråden gjøre for å få slutt på at mindre og lokalt eide strømleverandører blir diskriminert av Statkraft når kraftprodusenter skal inngå fastprisavtaler med bedrifter, hvilket vil øke konkurransen i fastprismarkedet og legge til rette for at mer av kraftinntektene blir igjen lokalt?

Begrunnelse

I dag tilbyr Statkraft fastprisavtaler til bedrifter til utelukkende to strømleverandører, Fjordkraft og Fortum. Alle andre mindre og lokalt eide energiselskap som har ytret ønske om en tilsvarende avtale med Statkraft, har fått avslag.
Dersom mindre og lokalt eide energiselskap ikke får tilgang til å levere fastprisavtaler, kan de miste konkurranseevne og stå i fare for å miste lokale kunder til større aktører.
Dette er svært uheldig, og det er viktig å vite hva statsråden vil gjøre for å snarest få slutt på praksisen.

Jan Christian Vestre (A)

Svar

Jan Christian Vestre: Regjeringa har arbeidd iherdig for å få i gong marknaden for standard fastprisavtalar under det nye kontraktsunntaket i grunnrenteskatten for vasskraft. Dette er vårt viktigaste tiltak for å leggje til rette for at alle føretak som ønskjer meir føreseielege straumkostnadar skal ha ein reell moglegheit til å sikre seg dette. Prisane på kontraktane er redusert betydeleg sidan dei første kontraktane vart tilbydt frå Statkraft og Fjordkraft, på tvers av dei tre avtalelengdene 3, 5 og 7 år. Det er no mogleg for føretak i Sør-Norge å inngå 3-årskontraktar med kontraktspris under 80 øre per kilowattime, og lengre avtaler ned mot 65 øre per kilowattime.
Kontraktsunntaket er innretta i stor grad etter og i tråd med innspel frå kraftbransjen, og basert på dialog med Statkraft og andre kraftaktørar har eg ein klar forventing om at bransjen vil tilby fastprisavtalar og delta i konkurransen. Eg har òg på eit ekstraordinært føretaksmøte i Statkraft i januar i år tydeleggjort kva for forventningar staten som eigar har til Statkraft når det gjeld fasprisavtalar. Det går fram av protokollen blant anna at eigar forutset at Statkraft innanfor gjeldande regelverk opptrer offensivt i konkurransen om fastpriskundene.
Eg forventar og eg har tillit til at Statkraft og andre aktørar følgjer opp regjeringa sine forventningar til bransjen. Det ligg moglegheiter både for bransjen og for kundane i desse avtalane. Og så må det vere opp til høvesvis kraftleverandørane og sluttbrukarane å tilby og inngå avtalar som er tenlege for dei, innanfor marknadsmessige rammer.
Staten sitt eigarskap i Statkraft blir forvalta innanfor rammene som framkjem av selskapslovgivinga og eigarskapsmeldinga. Som eigar har vi klare forventningar til selskapa, jf. omtale over. Det er styret og leiinga i selskapet som har ansvaret for forvaltinga og drifta av selskapet, medrekna inngåing av kontraktar for sal av kraft.
Leveransar av kraft til kraftintensiv industri i Noreg på langsiktige kontraktar utgjer ein viktig del av Statkrafts verksemd. Statkraft har opplyst at det nye kontraktsunntaket for standard fastprisavtalar i grunnrenteskatten for vasskraft, vedtatt hausten 2022, har gjort det mogleg å tilby fastprisavtalar til mindre næringskundar. Statkraft oppgjev at dei, som ein aktør i engrosmarknaden, ikkje har system og kompetanse til å handtere sal av kraft direkte til mange mindre næringskundar. Selskapet leverer derfor standard fastprisavtalar under det nye kontraktsunntaket gjennom sluttbrukarselskap. Statkraft har opplyst at dei valde å starte opp salet av slike avtalar med to leverandørar, Fjordkraft og Fortum, som selskapet då hadde avtale med.
Statkraft var, gjennom samarbeidet med dei to selskapa, først ut med å tilby slike standard fastpriskontraktar, i desember 2022. Allereie ved oppstarten signaliserte Statkraft at selskapet såg føre seg å tilby fastpriskontraktar via fleire sluttbrukarselskap, og Statkraft har opplyst til departementet at selskapet arbeidar aktivt for å inkludere fleire leverandørar i fastpristilbodet, innanfor den operasjonelle kapasiteten til selskapet. Statkraft har også opplyst til departementet at dei forventar at dei om ikkje lenge vil tilby fastprisavtalar også gjennom andre leverandørar.
Ifølge Statkraft blir straumleverandørar som kontaktar selskapet med ønske om å distribuere fastprisavtalar evaluerte etter tre objektive kriterier:

• Vurdering av leverandørens samfunnsansvar (såkalla Corporate Social Responsibility).
• Kredittvurdering.
• Behovet for kraft, dvs. i kva grad leverandøren i eige konsern allereie har tilgang til kraftproduksjon i det aktuelle prisområdet.

Ut over dette er det tidspunktet for kontakten med Statkraft som vil avgjera når eit sluttbrukarselskap kan tilby fastprisavtalar frå Statkraft.