Skriftlig spørsmål fra Tore Grobæk Vamraak (H) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:1684 (2022-2023)
Innlevert: 15.03.2023
Sendt: 15.03.2023
Besvart: 23.03.2023 av kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik

Tore Grobæk Vamraak (H)

Spørsmål

Tore Grobæk Vamraak (H): Viken fylkeskommune sendte 7. november 2022 søknad til Kommunal- og distriktsdepartementet om 377 millioner kroner i kompensasjon for arbeidet med etablering av nye Akershus, Buskerud og Østfold fylkeskommuner og deling av Viken.
Når kan Viken fylkeskommune regne med å få svar på denne søknaden, og kan fylkeskommunen regne med at staten stiller opp med finansiering i tråd med søknaden?

Begrunnelse

Reversering er blitt en fanesak og den høyest prioriterte saken for regjeringen i en omskiftelig verden med store utfordringer. Oppløsning av Viken fylkeskommune, med opprettelse av tre nye fylkeskommuner, er en kostbar affære som med nøktern pengebruk var anslått å koste 381 millioner kroner, i tillegg til omfattende tidsbruk hos fylkeskommunens ansatte.
Statsråden og hans partileder har gitt tydelige signaler om at alle nødvendige utgifter skal dekkes av staten. Nå er imidlertid hele posten til oppsplitting av kommuner og fylkeskommuner, kr 200 millioner, brukt opp ved innvilgelse av søknaden fra Ålesund kommune.
Treg saksbehandling i departementet fører til en usikkerhet og manglende mulighet for planlegging i fylkeskommunen. Et eventuelt avslag på søknaden fra Viken fylkeskommune vil kunne medføre alvorlige kutt i opplæringstilbudet til ungdom i videregående skole, eller på andre viktige tjenesteområder for fylkeskommunen.

Sigbjørn Gjelsvik (Sp)

Svar

Sigbjørn Gjelsvik: Representanten Vamråk har heilt rett i at regjeringa, i tråd med det vi heile tida har vore tydeleg på, vil dekka naudsynte, direkte kostnader til deling av Ålesund kommune etter søknad. Det er verdt å legge til at dekninga av kostnader frå dagens regjering fylgjer heilt andre prinsipp enn kva som var tilfelle då Høgre, Frp, KrF og Venstre sørga for tvangssamanslåing av kommunar og fylke. Den gong berre vart ein brøkdel av dei faktiske samanslåingskostnadane av Akershus, Buskerud og Østfold til Viken dekka. Eg merkar meg for øvrig at Høgre tek til orde for nye rundar med samanslåingar, utan at dei verken talfestar kor mange milliardar dette vil koste, og heller ikkje har sett av pengar til ein slik prosess i sitt forslag til budsjett for 2023.
Regjeringa har heile tida vore tydeleg på at vi også vil dekke naudsynte, direkte delingskostnadar overfor fylka etter søknad. Det står fortsatt ved lag. Søknadane for fylkeskommunane som skal delast er til handsaming i departementet.
Eg merkar meg for øvrig at representanten Vamråk frå Høgre uttrykker bekymring for fylka sin økonomi. Det kan vere verdt å minne representanten Vamråk om at Høgre i sitt alternative budsjett for 2023 føreslo eit kraftig kutt i rammetilskotet til fylka på om lag 2,3 mrd. kroner samanlikna med det budsjettet som regjeringspartia og Sosialistisk Venstreparti sikra fleirtal for. Eit slik kutt ville fått store konsekvensar for tenestetilbodet både i Viken og dei andre fylka i Noreg.