Skriftlig spørsmål fra Lise-May Sæle (H) til kunnskapsministeren

Dokument nr. 15:1683 (2022-2023)
Innlevert: 15.03.2023
Sendt: 15.03.2023
Besvart: 27.03.2023 av kunnskapsminister Tonje Brenna

Lise-May Sæle (H)

Spørsmål

Lise-May Sæle (H): Vestland fylkeskommune med Ap i spissen har innført ein komplisert inntaksmodell for vidaregåande opplæring som er justert 5 gonger av hovudutval for opplæring og består av over 50 unntak fordelt på 8 inntaksområde. Modellen er gjort vanskeleg for elevane som skal søkje skule, begrensar i stor grad alle valmoglegheiter og tal elevar som får førstevalet sitt har gått ned.
Meiner kunnskapsministeren at dette er ei god behandling av elevane i Vestland og kva vil statsråden gjere for elevar som eleven frå Kvinnherad?

Begrunnelse

Vi kan i dag i Kvinnheringen lese at ein elev er fortvila fordi Ap i Vestland fylke har laga ein inntaksmodell som gjer at ho ikkje kan søkje seg til den vidaregåande skulen ho har lyst til å gå på. Det såkalla "nærskuleprinsippet", innført av Ap, har fått store konsekvensar for elevane i Vestland. Eleven snakkar for mange elevar i Vestland som blir forhindra av nærskulemodellen til å følgje sine draumar og ambisjonar og korleis den grip inn i deira val av vidaregåande skule. Modellen gjer det umogleg å søkje noko anna enn nærskulen i sitt inntaksområde, fordi ein har lagt på 100 poeng på karaktersnitta til dei som er i same inntaksområde. Løysinga til Ap på dette har vore å lage 50 unntak frå modellen på enkelte linjer og postnummer, noko som fører til at modellen no er ekstremt vanskeleg å forstå seg på.
Firda vidaregåande skule har tidlegare fått utdelt Dronning Sonja sin skulepris og vore kjent i ei årrekke for godt skulemiljø og rekruttering frå heile fylket då ein hadde fritt skuleval i tidlegare Sogn og Fjordane. Rektoren uttalte til Firda Tidend 10.mars 2023 at:

"Eg håpar vi blir kvitt ordninga med nærskulepoeng for studie òg. Vi har i alle fall ikkje hatt noko glede av ho."

Sak i Kvinnheringen:
https://www.kvinnheringen.no/solfrid-15-har-gode-karakterar-men-har-likevel-ikkje-sjans-til-a-fa-plass-pa-den-vidaregaande-skulen-der-ho-helst-vil-ga/s/5-27-425024

Tonje Brenna (A)

Svar

Tonje Brenna: Det er fylkeskommunen som har ansvaret for vidaregåande opplæring og som bestemmer inntaksmodell til sine vidaregåande skuler.
Fylkeskommunane har valt ulike modeller for inntak. Dette meiner eg er et uttrykk for at fylka er forskjellige og har ulike behov, for eksempel med omsyn til geografi og skolestruktur. Eg legg til grunn at fylkeskommunane vel modellar som gjer det mogleg for elevane å ta informerte og gode val. Samtidig vil eg understreke at det er fordeler og ulemper med alle inntaksmodellar, og at det er mange omsyn ein må ivareta ved val av modell.
Da førre regjering i 2019 sendte forslag om å innføre nasjonale regler om fritt skuleval i alle fylker på høyring, var det stor mostand mot forslaget. Innspela frå fylkeskommunane at dette er noko ein bør bestemme lokalt. Elevorganisasjonen på si side var oppteken av at val av inntaksmodell skjer i dialog med elevane.
Eg meiner det dei lokale politikarane som er best skikka til å vurdere kva som er best for sine elevar og kva som passer best i eigen region, og ikkje eg som kunnskapsminister. Eg vil likevel peike på at det er viktig at fylkeskommunane tar omsyn til at elevane har behov for å vite kva for regler som gjeld i god til før dei søkjer og at det bør være eit mål at modellen ikkje er for komplisert.