Skriftlig spørsmål fra Sigbjørn Framnes (FrP) til fiskeri- og havministeren

Dokument nr. 15:1679 (2022-2023)
Innlevert: 15.03.2023
Sendt: 15.03.2023
Besvart: 20.03.2023 av fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran

Sigbjørn Framnes (FrP)

Spørsmål

Sigbjørn Framnes (FrP): Meiner ministeren at fylkesordførarkandidaten frå Arbeidarpartiet har rett, eller har fylkesordførar Jon Askeland rett?

Begrunnelse

Viser til ein artikkel publisert 8 mars i Bergens Tidene. Der meiner Fylkesordførarkandidat for Ap Stian Davis at det var Sp som hadde ansvaret for utflytting av viktige arbeidsplassar frå Fiskeridirektoratet i Bergen til Nord-Norge. I same artikkel meiner fylkesordførar i Vestland Jon Askeland Sp at ansvaret ligg hos Arbeiderpartiet ved fiskeri- og havministeren.

Bjørnar Skjæran (A)

Svar

Bjørnar Skjæran: Ved strukturendringar i ein statleg etat som Fiskeridirektoratet skal spørsmålet om lokalisering av verksemda og dei statlege arbeidsplassane greiast ut i tråd med retningslinjene for lokalisering av statlege arbeidsplassar og statleg tenesteproduksjon. Retningslinjene skal syte for at det blir utarbeidd eit godt fagleg grunnlag for å sjå sektoromsyn og lokaliseringspolitiske omsyn i samanheng, som grunnlag for avgjerd i saka.
Kommunal- og distriktsministeren har det overordna ansvaret for den statlege lokaliseringspolitikken, medan fagstatsrådane har ansvaret for avgjerdene i den enkelte sak om strukturendring i sektoren sin. Det ligg i ansvaret til kommunal- og distriktsministeren å vurdere om fagdepartementet har greidd ut saker om strukturendringar i tråd med desse lokaliseringspolitiske retningslinjene. Det har han også gjort i denne saka.
Eg har sett til at saka vart handsama i tråd med retningslinjene, og har tatt den endelege avgjerda om lokalisering av den statlege verksemda.
Fiskeridirektoratet har gjennomført ei stor strukturendring som har vore førebudd i lang tid. Fem regionar er lagde ned og erstatta av ein felles nasjonal organisasjon. Samstundes har det frå start vore eit premiss at den desentrale strukturen med tilsette fordelt på tjue kontorstader skulle vidareførast.
Om lag halvparten av dei tilsette i Fiskeridirektoratet har kontorstad i Bergen, medan den andre halvparten har arbeidsplassen sin på ein av dei 19 andre kontorstadene langs kysten. Ingen har vorte sagde opp eller fått ny kontorstad i denne omorganiseringa, men regiondirektørane og dei andre leiarane på regionnivå mista leiarfunksjonane sine.
Eg fekk fiskeridirektøren si lokaliseringspolitiske utgreiing på bordet mitt før sommaren 2022. Fiskeridirektøren føreslo at to nye leiarstillingar i direktoratet sin nye struktur, divisjonsdirektør for forvaltning og divisjonsdirektør for kontroll- og tilsyn, skulle leggjast til dei tidlegare regionkontora i Bodø og Tromsø. Dei fem øvrige toppleiarane skulle framleis vere i Bergen.
Både Bodø og Tromsø har mykje god fiskerifagleg kompetanse, nærleik til fiskeri- og havbruksnæringa og relevante forskings- og utdanningsinstitusjonar. Å styrkje byane i nord er i tråd med nordområdepolitikken, og blir ikkje mindre viktig i åra framover. Dei to byane oppfylte også kriteria i dei lokaliseringspolitiske retningslinjene – både før og etter at dei blei revidert i august.
Eg slo fast at hovudkontoret fortsatt skal liggje i Bergen, som har det største og tyngste fagmiljøet i Fiskeridirektoratet. Samstundes vil vi med endringane i større grad nytte fagkompetansen Fiskeridirektoratet har i heile landet.