Skriftlig spørsmål fra Tage Pettersen (H) til barne- og familieministeren

Dokument nr. 15:1586 (2022-2023)
Innlevert: 06.03.2023
Sendt: 07.03.2023
Besvart: 13.03.2023 av barne- og familieminister Kjersti Toppe

Tage Pettersen (H)

Spørsmål

Tage Pettersen (H): Det ser ut til at departementet lot være å holde høring om forskriften om tvangsmulkt og overtredelsesgebyr etter åpenhetsloven.
Hva var departementets begrunnelse for å unnlate høring?

Begrunnelse

Nylig fastsatte departementet en forskrift om utmåling av tvangsmulkt og overtredelsesgebyr etter åpenhetsloven. Jeg forstår forskriften slik at maksbeløpet for gebyr satt til fire prosent av omsetning, men uansett ikke lavere en 25 millioner kroner.
På Rett24 leser jeg 3. mars at departementet ikke har holdt høring i spørsmålet om maksimalsatser etter åpenhetsloven. Hvis det er riktig, virker det som at det ikke er i tråd med forvaltningslovens og utredningsinstruksens utgangspunkt om at høring kan gi nyttige innspill før forskrifter blir fastsatt. I denne saken virker det ganske klart at både virksomheter og interesseorganisasjoner kunne gitt innspill til innholdet i forskriften.
Stortinget vedtok loven i juni 2021, så det er vanskelig å se at det for eksempel ikke har vært tid til å gjennomføre høring.

Kjersti Toppe (Sp)

Svar

Kjersti Toppe: Som forbrukarminister er eg oppteken av at det finst gode forbrukarrettar. For at forbrukarane skal få gjennomslag for rettane sine, er det viktig at Forbrukartilsynet har effektive og naudsynte verkemiddel til å sanksjonere brot på forbrukarvernreglane. Eg vil snart leggje fram ein lovproposisjon om gjennomføring av eit europeisk moderniseringsdirektiv (moderniseringsdirektivet) som gir Forbrukartilsynet høve til å gi betre og strengare sanksjonar for brot på reglane.
Den 14. februar fastsette eg ei forskrift om utmåling av tvangsmulkt og lovbrotsgebyr, som stortingsrepresentanten viser til. Forskrifta er ein del av gjennomføringa av direktivet. Forskrifta oppfyller òg kravet i forvaltningslova om at det for lovbrotsgebyr skal vere ei øvre ramme i lov eller forskrift.
Forskrifta er vedteke med heimel i marknadsføringslova, angrerettlova, pakkereiselova og openheitslova. I forskrifta er den øvre ramma for lovbrotgebyret satt til fire prosent av årsomsetninga til den næringsdrivande eller inntil 25 millionar kroner, der det høgaste beløpet nyttast. Den øvre ramma gjer det føreseieleg for dei næringsdrivande kva det maksimale lovbrotgebyret kan bli ved gjentekne brot på lova. Det skal gjerast ei konkret utmåling i kvar sak, og storleiken på gebyret vil avhenge av ulike moment som er fastsett i forskrifta.
Reglane i moderniseringsdirektivet og forskrifta var på høyring i 2020 og 2021. Openheitslova tok til å gjelde 1. juli 2022, og var derfor ikkje omfatta av høyringa i 2020. Det var naudsynt å få på plass ei øvre ramme slik forvaltningslova krev, så snart som mogleg for alt regelverk som Forbrukartilsynet fører tilsyn med. Då Forbrukartilsynet førar tilsyn med openheitslova etter tilsvarande system som i marknadsføringslova, vurderte eg at det ikkje var naudsynt å gjennomføre ei eiga høyring om øvre ramme for openheitlova før forskrifta blei satt i verk.
Eg vil likevel i løpet av våren gjennomføre ei høyring om saka. Eg vil då be om innspel på om det er særskilte forhold knytta til ei øvre ramme for saker etter openheitslova som gjer at ramma eventuelt bør vere høgare eller lågare enn for andre saker Forbrukartilsynet fører tilsyn med.