Skriftlig spørsmål fra Lene Vågslid (A) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:1574 (2022-2023)
Innlevert: 03.03.2023
Sendt: 06.03.2023
Besvart: 16.03.2023 av kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik

Lene Vågslid (A)

Spørsmål

Lene Vågslid (A): Vil statsråden vil se nærmere på verktøyene partilovnemnda har og vurdere hvorvidt nemnda bør ha anledning til å kartlegge eierinteresser eller andre grep for å sikre oss best mulig mot valgpåvirkning fra utenlandske aktører?

Begrunnelse

Frie valg er en hjørnestein i demokratiet vårt, men valg kan påvirkes. Fagdirektør Eskil Grendahl Sivertsen ved FFI hevder at utenlandske påvirkningsaktører blir stadig mer avanserte. Uønsket valgpåvirkning kan skape økt polarisering, svekke tilliten til staten og politikere og påvirke hvordan du oppfatter virkeligheten. En måte å påvirke valg kan være gjennom økonomisk støtte til politiske partier. Partilovnemda er satt til å sikre åpenhet om finansiering av politiske partier.
Dagens Næringsliv hevder i en lederartikkel 14. februar 2023 at de har avslørt smutthull i partiloven og regelverket knyttet til pengegaver til politiske partier. De skriver:

"Norske partier har i utgangspunktet ikke lov til å ta imot pengegaver fra utenlandske aktører. Det inkluderer både personer uten norsk statsborgerskap, og selskaper som eies fra utlandet. Dersom noen likevel skulle få lyst til å omgå loven, viser dette seg å være svært enkelt. Utenlandske selskaper og personer kan enkelt opprette et norsk aksjeselskap, og sende pengene gjennom dette. Partiloven regulerer bare nasjonaliteten til aktøren pengene kommer direkte fra, ikke eierskapet lenger bak."

Sigbjørn Gjelsvik (Sp)

Svar

Sigbjørn Gjelsvik: Føresegnene om forbod i partiloven §17 a, som er utgangspunktet for spørsmålet frå representanten, byggjer på artikkel 7 i Rekommandasjon 2003/4 frå Europarådet. Artikkelen handlar om felles føresegner mot korrupsjon i finansieringa av politiske parti og valkampanjar.
I artikkel 7 står det:

«Gåver frå utanlandske givarar
Statane bør særleg sette grense for, forby eller på anna måte regulere gåver frå utanlandske givarar.»

Noreg har sidan 2006 gjennomført tilrådinga frå Ministerkomiteen i Europarådet fullt ut, ved å forby norske parti å ta imot gåver frå utanlandske givarar. Føremålet med forbodet er å motverke at den nasjonale suvereniteten blir svekka, og å redusere uoversiktlege transaksjonar på tvers av landegrensene.
For at eit politisk parti eller partiledd skal kunne ta imot pengar eller ikkje-monetære bidrag, er kravet i lova m.a. at givaren anten må vere norsk statsborgar eller ha stemmerett ved kommunestyre- eller fylkestingsval. Utanlandske borgarar får stemmerett ved lokalval etter å ha budd i landet i tre år. Ein nordisk statsborgar får stemmerett ved lokalval frå det tidspunkt han/ho melder flytting til Noreg.
Partiloven si avgrensing mot «juridiske personer som er registrert i utlandet», byggjer på definisjonen i foretaksregisterloven § 1-2:

Ǥ 1-2.(norske og utenlandske foretak)
Med norske foretak menes i denne lov ethvert foretak med hovedkontor i Norge eller på norsk kontinentalsokkel. Andre foretak er utenlandske.»

Dette går fram av forarbeida til partiloven, Ot. prp. nr. 84 (2004- 2005) side 30:

«Når det gjelder juridiske personer, er det vanskelig å trekke noen tilsvarende klar grense mellom hvem som er norske og hvem som er utenlandske. For de aller fleste vil det imidlertid ikke by på tvil. I de tilfeller det kan være tvil, antar utvalget {les Partifinansieringsutvalget) at det må legges til grunn en konkret, skjønnsmessig vurdering. I foretaksregisterloven legges for eksempel til grunn at foretak som har sitt hovedkontor i Norge, er norske mens andre foretak er utenlandske, jf. § 1-2. Skatteloven § 6-50 hjemler på visse vilkår rett til skattefritak for gaver til visse organisasjoner, selskaper, sammenslutninger, stiftelser og liknende som har sete her i landet. Etter utvalgets oppfatning er det naturlig å legge til grunn tilsvarende kriterier ved vurderingen av hvilke givere som skal regnes for å være henholdsvis norske og utenlandske.»

I spesialmerknadene til § 17 (nå § 17 a), uttaler departementet:

«Utenlandske givere i tredje ledd bokstav b) kan være både fysiske og juridiske personer. Formålet er å hindre korrupsjonsliknende adferd og illegal virksomhet gjennom gaver - hvor det er vanskelig å fastslå identiteten til eller motivene til giveren(e) bak gavene. For private personer som ikke er norske statsborgere, innebærer kravet om stemmerett i henhold til valgloven §§ 2-1 og 2-2 at stemmerettsalderen må være nådd. En juridisk person regnes som utenlandsk hvis foretaket eller selskapet er registrert i utlandet. I siste ledd presiseres at det er uten betydning om bidraget gis i form av penger eller ikke-monetære ytelser.»

Kven som er registreringspliktige etter foretaksregisterloven, går fram av§ 2-1. Lista omfattar ei rekke selskapsformer, mellom anna aksjeselskap, allmennaksjeselskap og europeiske selskap. Kva som skal registrerast i Foretaksregisteret, går fram av kapittel III.
Ot. prp. nr. 84 (2004-2005) har inga opning for at politiske parti kan ta imot støtte frå filialar av utanlandske selskap eller verksemder. Føretaket må ha hovudkontor i Noreg. Regelen i partiloven er utforma med basis i at ein ynskte å legge til grunn ein allereie veletablert definisjon av «norsk føretak», og å gjere regelen mest mogleg objektiv og effektiv å handheve. Ein klar og objektiv regel gjer det mogleg for tilsette og frivillige i dei om lag 2 900 politiske partia og partiledda som kjem under lova, å kunne verifisere at gjevars nasjonalitet er i tråd med føresegnene i lova. Dette til dømes ved å konsultere Foretaksregisteret.
Også eit føretak med hovudkontor i Noreg, kan ha utanlandske eigarar eller aksjonærar. «Smottholet» som er omtalt i Dagens Næringsliv er derfor ikkje ei moglegheit til å omgå førebodet i partiloven § 17 a, men ein følgje av at vi ikkje har føresegner som hindrar utanlandsk eigarskap i norsk næringsliv.
Allmennaksjeselskapsloven § 4-4 stiller krav til eit aksjeeigarregister. Etter annet ledd nr. 4 skal registeret innehalde opplysningar om «aksjeeiernes navn, fødselsdato, digital adresse og bostedsadresse, eller - for juridiske personer - foretaksnavn, organisasjonsnummer eller lignende identifikasjonsnummer, digital adresse, forretningsadresse og eventuelt postadresse.» På same vis har aksjelova§ 4-5 krav til aksjeeigarbok kor aksjeeigarar sin identitet skal gå fram.
Om eit utanlandsk konsern eksempelvis ynsker å støtte eit norsk politisk parti med pengegåver, må konsernet gjere dette gjennom eit selskap som har hovudkontor i Noreg. Selskapet vil vere underlagt norsk selskapsrett, regnskapslov, bokføringslov og skattelov - medrekna krav til bruk av overskott, utbytte, openheit og offentleg tilsyn.
Sjølv om ikkje fysiske personar er tema for representanten Vågslids spørsmål, er det ein parallell til denne kategorien bidragsytarar. Kravet i partiloven om at ein bidragsytar til eit politisk parti må vere norskstatsborgar eller oppfylle vilkår for å ha stemmerett ved kommunestyre- og fylkestingsval, byggjer også på objektive kriterium som følger av anna regelverk, medrekna statsborgerskapslova og vallova.
Med tilvising til den konkrete problemstillinga som representanten Vågslid reiser, vil det difor vere vanskeleg å sjå føre seg at partiloven skal ha snevrare reglar om norsk tilknytning enn det som følger av lovverket nemnt over. Reglar om utanlandsk opphav på grunnlag av skjønn, vil gjere det vanskeleg for partia å overhalde lova. Det er partia som er pliktsubjekt etter partiloven, ikkje bidragsytarar. Slik eg vurderer det, kan ein ikkje forvente at partia har eit apparat for å kartlegge eigarskap i næringslivet ut over det som går fram av tilgjengelege offentlege register.
Oppsummert er objektive kriterium for lovlege private bidrag naudsynt for at partia skal kunne vere trygge på at dei er på rett side av lova. Dette bidreg også til mest mogleg likebehandling av partia vis å vis tilsynsmyndigheitene.
Eg viser til at tilsynet og kontrollen med etterlevinga av føresegnene om finansiering av politiske parti, er lagt til Partilovnemnda, jf. partilova § 24. Nemnda er fagleg uavhengig, og kan ikkje instruerast. Departementet kan heller ikkje gjere om Partilovnemnda sine vedtak i enkelttilfelle. Nemnda har vide kontrollfullmakter og kan ta i bruk administrative sanksjonar, for eksempel å trekkje inn ulovlege bidrag.
Gjennom dei årlege rapportane frå Partilovnemnda og oppslag i media, har eg notert meg at nemnda er opptatt av å føre streng kontroll med at føresegnene om dette forbodet i partilova blir følgt. Eg reknar også med at Partilovnemnda har merka seg dei oppslag som har vore i media den seinare tid knytt til partifinansiering, sett opp mot det ansvar dei har for å kontrollere etterlevinga av føresegnene i partilova.
Når det gjeld spørsmål om eit føretak er norsk eller ikkje, vil nemnda kunne konsultere Føretaksregisteret. Så lenge føretaket har hovudsete i Norge, vil som nemnt kriteria for at partia kan ta i mot stønad frå dette vere oppfylt. Sjølv om Partifinansieringsutvalget i NOU 25:2004 drøfta ei eventuell utøving av skjønn i samband med utanlandsk eigarskap, kom både utvalet og departementet til at kriteria i foretaksregisterloven § 1-2 burde leggast til grunn.
For nemnda, publikum og media vil verdipapirhandelregisteret elles kunne vere ei kjelde for å finne ut kven som står på eigarsida. Det vil kunne vere krevjande å kartleggje kven som faktisk står bak ei aksjonærliste.
Det er viktige spørsmål representanten tek opp, og eg følgjer med på utviklinga på dette området. Partifinansieringa i Noreg er både basert på tillit, openheit og på at vi har eit forvaltingsapparat gjennom Partilovnemnda som både rettleier partia og som kan ilegga sanksjonar om reglane ikkje blir følgt. Det er inga openberr løysing knytt til regelverk eller praksis på korleis partistøtte kan sikrast endå betre mot utanlandsk påverknad. Men dette er et såpass alvorleg og viktig tema for å sikre tillit og openheit til demokratiske prosessar, derfor vil eg sjå nærare på om det er ulike tiltak som kan gjennomførast for å sikre oss betre mot utanlandsk valpåverknad.