Skriftlig spørsmål fra Ane Breivik (V) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:1543 (2022-2023)
Innlevert: 28.02.2023
Sendt: 01.03.2023
Besvart: 06.03.2023 av kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik

Ane Breivik (V)

Spørsmål

Ane Breivik (V): Hvorfor vil ikke Kommunal- og distriktdepartementet gå god for regjeringens beslutning om å flytte Fiskeridirektoratets statlige arbeidsplasser ut av Bergen?

Begrunnelse

I september i fjor ble det klart at etter 120 år skulle ikke Fiskeridirektoratet lenger ha hovedkontor i Bergen, men tre såkalte lederklynger i Bergen, Bodø og Tromsø.
Etter to uker ga fiskeriminister Bjørnar Skjæran beskjed om at hovedkontoret fortsatt skulle være i Bergen. Kursen ble imidlertid ikke endret, fordi kort tid etterpå sendte ekspedisjonssjefen i Nærings- og fiskeridepartementet ut et skriv om at ledelsesfunksjonene skulle samles på de tre nevnte plasser og at «nye stillinger som den klare hovedregel skal etableres i distriktene eller i Nord-Norges byer». Med de nye retningslinjene på plass, kunne fiskeriminister Bjørnar Skjæran (Ap) og hans departement i fjor høst gi grønt lys til å starte arbeid med å flytte mye av Fiskeridirektoratets toppledelse ut av Bergen.
Til Bergens Tidende vil ikke kommunal- og distriktsministeren uttale seg om saken, og statssekretær Kjersti Bjørnstad vil ikke forsvare regjeringens politikk når avisen spør om følgende:

– Hvorfor mener denne regjeringen at det er god distriktspolitikk å flytte lederstillinger fra Bergen til Tromsø og Bodø?
– Jeg har ikke noen forutsetning for å si om det er lederstillinger eller ikke. Det er det fiskeriministeren som har vurdert.
– Bodø og Tromsø har en større andel statlige arbeidsplasser enn Bergen?
– Jeg har ikke gått god for beslutningen. Jeg har kun sørget for at en har fulgt regjeringens retningslinjer, sier Bjørnstad.

Sigbjørn Gjelsvik (Sp)

Svar

Sigbjørn Gjelsvik: Retningslinjer for lokalisering av statlege arbeidsplassar og statleg tenesteproduksjon er regjeringa sitt fremste verktøy for å ivareta statlege lokaliseringspolitiske mål. Retningslinjene skal mellom anna medverke til at statlege arbeidsplassar bidreg til å utvikle robuste arbeidsmarknader, og sikre god tilgang til statlege tenester i alle delar av landet. Om lag 30 prosent av statlege arbeidsplassar er omfatta av retningslinjene. Regjeringa reviderte i august 2022 desse retningslinjene. Dei fastset mål for den statlege lokaliseringspolitikken, og krav om vurderingar og prosedyrar for saker som gjeld lokalisering av statlege arbeidsplassar og statleg tenesteproduksjon. I kvar enkelt sak blir sektoromsyn og lokaliseringspolitiske omsyn vurdert og sett i samanheng. Føremålet med retningslinjene er å sikre at den endelege løysinga i kvar enkelt sak støttar best mogleg opp om både sektormål og lokaliseringspolitiske mål.
Det har lenge vore brei politisk semje om at statlege arbeidsplassar bør vere spreidd geografisk og kome heile landet til gode. Likevel er det slik at staten i stor grad er lokalisert i sentrale område, og sidan 2013 har sentraliseringa auka. Dei minst sentrale kommunane har fått vesentleg færre statlege sysselsette, medan veksten har vore sterkast i dei meir sentrale kommunane. Sjølv om ulike regjeringar dei siste 20 åra har flytta ut og etablert fleire tusen statlege arbeidsplassar, har desse for det meste blitt lagde til store og middels store byar. Regjeringa er difor oppteken av at arbeidsmarknader også utanfor dei største byane blir vurdert når nye verksemder eller verksemder i endring skal lokaliserast.
Mitt departement har overordna ansvar for retningslinjene, og å rettleie eit fagdepartement som står føre ei endring i eller nyetablering/utviding av ei underliggjande verksemd, som kan føre til endring i lokalisering av statlege arbeidsplassar. Føremålet med rettleiinga er å sjå til at utgreiing og avgjerd skjer i tråd med retningslinjene. Fagdepartementet er sjølv ansvarleg for at utgreiinga og prosessen blir gjennomført i tråd med retningslinjene, og å fatte endeleg avgjerd i saka. Ved avgjerd om lokalisering ved større strukturendringar og ved oppretting av ny statleg verksemd, skal saka leggjast føre regjeringa.
Den enkelte statsråd har ansvar for å sjå til at gjeldande retningslinjer er gjort kjent og nyttes innafor sin sektor. Saka om strukturendring i Fiskeridirektoratet har vore handsama av fiskeriministeren, og det er derfor han som svarer på spørsmål knytt til denne konkrete saka.