Skriftlig spørsmål fra Cato Brunvand Ellingsen (SV) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:1484 (2022-2023)
Innlevert: 23.02.2023
Sendt: 24.02.2023
Besvart: 01.03.2023 av kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik

Cato Brunvand Ellingsen (SV)

Spørsmål

Cato Brunvand Ellingsen (SV): Når kan vi forvente å få den varslede stortingsmeldingen om levekår i byer og byområder, og hvordan sikrer regjeringen at barn, unge og voksne som bor i levekårsutsatte områder av byene blir involvert i denne politikkutviklingen?

Begrunnelse

Regjeringen har varslet at den arbeider med en egen melding til stortinget som skal ta for seg levekår i byer og byområder. For mennesker som bor i byene, og kanskje særlig i levekårsutsatte deler av våre byer, er dette arbeidet svært viktig. Det er nødvendig at stortinget får behandlet en helhetlig sak om dette, også som en oppfølging av NOU 2020: 16 Levekår i byer – gode lokalsamfunn for alle. Mange opplever levekårsutfordringer og veien til oss som har makt til endring oppleves lang for mange. Noe av det viktigste vi kan gjøre som politikere er å legge til rette for gode oppvekstsvilkår i de levekårsutsatte delene av byene.
Politikk utvikles best sammen med folk. Gode levekår handler ofte om å bli hørt, involvering og inkludering. Vi vet at folk som bor i levekårsutsatte områder av byene ofte har andre perspektiv og løsninger enn oss politikere.

Sigbjørn Gjelsvik (Sp)

Svar

Sigbjørn Gjelsvik: Regjeringa har varsla Stortinget om at meldinga om levekår i byar og byområde vil bli lagt fram for Stortinget i juni i år.
I meldinga vil regjeringa mellom anna ta opp korleis stat og kommune må samarbeide om å forebygge utanforskap og sosiale utfordringar i byar og byområde med særskilte utfordringar. For meg er det viktig at ulike område som opplever levekårsutfordringar kan tilby tenester som er tilpassa brukarene og lokale behov, og at dei utviklar nærmiljøa der det er godt å bu og vekse opp.
Eit sentralt tema i meldinga er samarbeid mellom stat og kommunar om områdesatsingar i levekårsutsette byområde. Staten har i dag eit samarbeid om områdesatsingar med Oslo, Bergen, Stavanger, Drammen og Trondheim. I 2023 er det i tillegg sett av 15 millionar kroner til avtaler om nye områdesatsingar. Kommunane sin frist for å søke om å inngå samarbeidsavtaler om nye områdesatsingar er 15. mars i år.
Eit sentralt kunnskapsgrunnlag for arbeidet med meldinga er NOU 2020: 16 Levekår i byer, som omhandlar levekårs- og integreringsutfordringar i område i og rundt dei store byane i Noreg. NOU 2020: 16 var på høyring i 2021. Departementet fekk 75 høyringsinnspel, mellom anna frå frivillige organisasjonar, brukar- og interesseorganisasjonar. Forslaga frå utvalet blir vurderte i arbeidet med meldinga. Kommunal- og distriktsdepartementet inviterte òg til å gje innspel til meldinga på ei nasjonal erfaringskonferanse om områdesatsingar, som blei heldt i Stavanger i november 2022, der målgruppa for konferansen først og fremst var tilsette i kommunar. Departementet har i tillegg motteke innspel til meldinga frå kommunane i Husbanken sitt storbynettverk, og innhenta eksempel frå kommunar om arbeid med områdesatsingar. Departementet har òg bedt om innspel til meldinga frå frivillige organisasjonar, interesseorganisasjonar og sivilsamfunnsaktørar gjennom ei innspelsside på Husbanken sine nettsider.
I tillegg til dei konkrete innspelsprosessane for kommunar og sivilsamfunnsorganisasjonar mv., påverkar innbyggarar i levekårsutsette byområde regjeringa si politikkutvikling indirekte gjennom det pågåande samarbeidet mellom staten og kommunar i områdesatsingane. Kunnskap og innsikt om brukarane og tenestene, og om lokale ønsker og behov for nærmiljøa, er ein viktig del av arbeidet med områdesatsingane, og er som oftast grunnlaget for vurderingar av kva for prosjekt/tiltak ein bør sette i gang. Dette gjeld både for delen om tenesteutvikling og i arbeidet med å forbetre fysiske og sosiale nærmiljøkvalitetar, som begge deler er kjernen i områdesatsingane. Til dømes i områdesatsingane i Oslo jobbar staten og kommunen saman, og i samspel med brukarane, om å utvikle meir brukartilpassa tenester innan sysselsetting og kvalifisering, og oppvekst og utdanning. I nærmiljøarbeidet i områdesatsingane driv kommunane arbeidet gjennom tett medverknad og involvering med befolkninga.