Hadia Tajik (A): Kva er NVEs kapasitet til å handsame konsesjonssøknader på solkraft framover, og kva planer har statsråden for å styrke dette arbeidet?
Begrunnelse
2022 vart eit rekordår for norsk solkraft, med ei tredobling i løpet av året. Den installerte effekten er no på 149 MW, opp mot berre 45 MW i 2021. Men fortsatt utgjer solkraft ein svært liten andel av krafta i Norge. Ifølge Energikommisjonen som nett leverte arbeidet sitt, bør Norge 33-doble solkrafta i løpet av dei neste sju åra. For at ei utbygging av solkraft skal vere realistisk må kraftselskapa kunne rekne med at kapasiteten til å handsame konsesjonssøknader på dette i NVE er sterk nok.