Gunhild Berge Stang (V): Dersom tilsette ved Mork i samarbeid med kommunane, eller i privat regi, ønsker å etablere eit spesialisert rehabiliteringstilbod på Mork, kva vil vere statsråden si haldning til at det vert inngått ein langsiktig avtale som sikrar gode spesialiserte rehabiliteringstenester nær der folk bur?
Begrunnelse
Denne regjeringa gjekk til val på at det no er vanlege folk sin tur. Tenester skulle plasserast nær der folk bur. Denne veka vedtok styret i Helse Møre og Romsdal likevel å legge ned Mork Rehabiliteringssenter. Sju kommuner på Søre Sunnmøre har eit forslag om at kommunane bidreg med to millionar kroner per år i fem år til drifta av Mork rehabiliteringssensenter - slik at Helse Møre og Romsdal får tid til å gjere tiltak for å flytte drifta til nye lokaler i Volda.
I svar på Venstres forrige spørsmål om nedlegginga av dei spesialiserte rehabiliteringsplassane svarar statsråden at pasientane kan nytte seg av fritt behandlingsval, ei ordning som regjeringa allereie har vedtatt å avvikle. Fritt behandlingsval for rehabiliteringstilboda i sjukehus og private rehabiliteringsinstitusjonar gir pasientar rett til å velje behandling i heile landet og er med på å utjamne regionale forskjellar i tilgang til rehabilitering, skriv Kjerkol.
Underteikna er heilt einig med statsråden i den store verdien av at pasienter kan velje behandling i heile landet. Fleire av dei tilsette har varsla at dei ikkje blir med frå Volda til Ålesund. Dersom tilsette ved Mork finner ut at de vil starte et privat tilbud om eit spesialisert rehabiliteringstilbod, kan ei mulig løysing vere at verksemda kan levere tenester under fritt behandlingsval eller at dei kan inngå ein langsiktig avtale med Helse Midt.