Olve Grotle (H): Kan ein undervegs i ein prosess med direktetildeling opne for tilbod frå fleire tilbydarar, og kva vurderingar må i så fall gjerast etter innkjøpsregelverket?
Begrunnelse
Innkjøpsregelverket opnar for å direktetildele kontraktar i enkelte tilfelle. Dersom ein endrar prosessen undervegs og får tilbod frå fleire tilbydarar, kan ein bevege seg over i ein konkurransesituasjon, utan at det er reell konkurranse.